torb
Hi-Fi entusiast
- Ble medlem
- 04.06.2006
- Innlegg
- 178
- Antall liker
- 0
Eg fann ut at Audiolab sin 8000S ikkje skulle ha så dårleg utgang for hodetelefonar, derfor tok eg meg ein tur rundt i byen for å høyre på på kva som er der ute. I forkant av turen frekventerte eg head-fi.com, så eg hadde nokon modellar notert. Dette blir mitt fyrste bidrag på sentralen, og er råka av at eg ikkje heilt veit korleis eg skal setje ORD på OPPLEVELSAR som har med lyd å gjere.
Fyrst ut var Hifi-klubben, kor eg høyrde på mykje forskjellig. Dei eg lytta mest oppmerksomt til var Grado SR60, samt Sennheiser 959 og PX-100.
Hodetelefonane hang ute i lokalet, og var kobla direkte på ein billig cd-spelar, Denon DCD 1450AR. Det var mykje støy i lokalet, kundar som fekk høyre på anlegg, og telefonar som ringte.
Grado SR60
Desse måtte eg høyre på, då Grado liksom skulle vere THE SHIT, og måtte høyrast på om ein ville har ein "billig" introduksjon til head-fi. Eg likte lyden i desse veldig godt, eg fekk litt av den WOW-kjensla eg ønskar meg, når eg fyrst skal bla opp litt pengar på hodetelefonar. Om dette er "Grado-sounden", så likar eg han. Gradoane var ikkje behagelege å ha på seg, og eg kjente at ein time med lytting på desse, ville gjere vooondt. Det var ikkje veldig aktuelt å gå for desse i utgangspunktet, på grunn av den latterlege prisen dei har i Norge. Den dårlege komforten slo spikeren i kista. Hadde eg fått desse til 69$, og ikkje godt over 1000NOK, hadde eg kanskje vurdert å kjøpe dei. Då for å ha noko å kose meg med i kortare perioder.
Sennheiser 595
Eg ville høyre på 555, då desse skulle vere god valuta for pengane (j.f. head-fi), men dette headsetet var i ustand. "Åja", sa mannen bak disken, og eg tok for meg 595 i staden for, som skulle vere eit steg opp på headfi-stigen. Det som slo meg med desse hodetelefonane, som eg hadde lest MASSE skryt om på head-fi, var at eg ikkje blei imponert. Lyden var det motsatte av klar - kanskje litt grumsete? Stemmen og instrumentene var ikkje så separerte, det var eit slags "teppe" over det heile.
Sennheiser PX-100
Desse har fått masse skryt på head-fi.com for pris/ytelse-forholdet. Betre enn mine Sporta Pro, så eg bestilte eit par. Lyden var meir puslete enn frå dei andre hodetelefonane, men han var veldig klar og fin.
Eg gjekk videre til ein anna musikkhandlar, ikkje langt frå Hifi-klubben. Denne musikkhandlaren tok mest for seg instrumenter og miksepultar og slikt. Han lot meg teste..
AKG K141
som er eit headset meint for studiobruk. Denne butikken var litt rolegare, så eg følte eg fekk høyre litt "skikkelegare". På tross av dette, engasjerte ikkje hodetelefonane.
Eg tusla videre til Musik-Magazinet og sa til mannen bak disken: "Eg likar Grado-lyden, men hatar komforten! HJELP!". Han geleida meg inn på eit bakrom, kor eg fekk site saman med Sonus Faber sine høgtalerar og høyre på..
AKG K501
OG HURRA! Eg fekk det eg ville ha. Den WOW-kjensla eg meinte eg burde få om eg spytta inn over 1000kr i hodetelefoni kom endeleg. Eg sat og digga og koste meg til eg følte eg måtte levere dei tilbake, og då fekk eg vete prisen: 2200 norske kroner.
Eg er enda ikkje i mål i jakten på gode hodetelefonar, TRUR eg. Om eg ikkje finn noko anna som gjer meg den gode kjensla eg fekk av K501, så må det nesten bli dei. Men det er så mykje der ute, og K501 er langt frå perfekte, om ein skal tru det ein les. Det er helst bassen som får kritikk.
Musikken eg brukte på denne runden var Smog - A river ain't too much to love (denne spelte eg desidert mest), Leif Ove Andsnes - Lyric Pieces og Tom Waits - Closing Time. Den siste plata kom fyrst fram då eg høyrde på K501. Håper denne rotete rundturen kan inspirere andre på forumet til å dele sine erfaringar med hodetelefonar.
Vennleg helsing Torbjørn