ACTIVE skrev:
Er ikke alltid like lett å få Gradient-gutta på banen...... Etterlyser en her inne,som har god erfaring,egne tråder ang. disse høyttalere. Så "Lydkarl",det er vel snart på tide..........eller spiller du bare musikk......?
MVH:j
Heisann!
Blir mykje musikk og lite hifi/hfs for tida ja. Har levd med Revolution i fire år no og solide inntrykk har satt seg. Eg deler gjerne litt av dei her. De får som vanleg bære over med at eg skriv hovudmål som kan vere tungt å lese, håpar de overlever. Har hatt nokre dagar på hytta no, føler det var sunt med litt pause frå hifi. Har vel forsåvidt hatt litt hifipause ei stund no, og trivst godt med det. Ja, det er musikk som er tema i heimen. Oppsettet vartar opp med herlege dosar musikkopplevelsar, trass i sine begrensningar på elektronikksida.
Veldig interessant tråd dette. Har ikkje turt å involvere meg altfor mykje her med min budsjettelektronikk og mitt ønske om å drøye oppgradering av dette (håpar ikkje dette er altfor tabu her på sentralen). Ser tema her er vinkla litt inn mot rom, plassering og underlag. Kan prøve å skrive noko om det eg har gjort her (har henta litt info frå tråden min);
ROM/PLASSERING:
Gradientane er forsåvidt lette å plassere og vil nok spele tåleleg bra nær sagt kor som helst innanfor rimelighetens grenser kan det virke som. Det er likefullt mykje å hente på å optimalisere plassering av desse. Brukarmanualen er forresten omfattande, plassering er eit stort tema her. Eg prøvde meg litt fram med mine første Revolution, av fyrste inkarnasjon. Høgtalane stod litt lenger ute på golvet først. Flytta dei så nærmare bakvegg og auka avstanden mellom ht. etter repeterande lytteseansar. Når eg seinare bytta desse ut mot neste versjon; "MkII", fekk desse same plassering og delvis same underlag som første variant. Likefullt er desse to versjonane (trass i store fellestrekk) såpass lydmessig ulike (ref. nederste avsnitt), at eg definitivt burde ha ei ny økt med prøving og feiling mhp plassering og underlag. Litt av elektronikken er også bytta ut. Endå ein grunn til ny økt. Høgtalarkablane er tilnærma like dei gamle, kun med anna lengde og terminering. Jumpersane er byta frå Infinite Resolution, til Black Magic. Om det er ønskeleg, kunne eg sikkert fått til ei skisse med mål på rom og plassering.
UNDERLAG:
Spesielt mellom seksjonane er det mykje å hente på å dempe/flytte resonans og vibrasjon/energi då toppseksjonane står på dipol"kasse" som i hovedsak består av frontbaffel med støtte i bakkant + topp/bunnplate og div avstivning. Har prøvd Tema Isolator som økonomiløsning og konkludert med at dei er uegna mellom seksjonane på Revolution. Fann derimot etter litt prøving ut at Isolatorane gjer nytta si under skiferhellene. Skiferen skal bytast ut med kraftigare steinheller for å få høgtalarane litt opp frå gulvet. Meinar det står nevnt noko om 10cm i brukarmanualen, vil prøve å få summen av steinhelle + spikes/cones/putar/whatever til å havne deromkring. Ellers brukar eg i dag kun dei originale spikes´a/skruane som kom med Revolution mellom/under seksjonane. Desse er eg ikkje fornøyd med, tippar dei blir byta ut etterkvart. Paul sin kombo beståande av "Black Magic" Cones og isonodar har eg derimot trua på. Dei tar innersvingen på det meste av resonans og vibrasjonar på Revolution. Har kun fått dei demonstrert i Paul sitt oppsett. Desse skal eg testa hjå meg ein dag. Paul har, som andre allerede her har nevnt, jobba aktivt og fortløpande med dette feltet i mange år på Revolution og brukar ein kombinasjon av fleire produkt for å få has med problemet. Og det med stor suksess! Mine Revolution er som tørketromlar å ta på ved avspeling i forhold til han sine, så her er det mykje hente.
RØYR/TRANSISTOR:
Eg ser at fleire Revolutioneigarar på HFS køyrer røyr. Foreløpig er det fråvér av slikt hjå meg, men eg kunne gjerne ha testa røyr preamp ein dag. Likefullt er dette neppe første komponenten som bør bytast ut hjå meg (les: effekt og platespelar) når anlegget ein dag har fått langt fleire fartstimar enn per dags dato. Meinar forøvrig dac/riaa/pre gjer ok jobb hjå meg sjølv om det definitivt fins råare saker der ute.
MKI/MKII:
Under har eg lista opp egne notater frå ei lytteseanse i vinter (her var jumpersane byta ut til ikkje-ferdig-innspelte Black Magic Revelation (dei gamle selde eg saman med MkI), men slik måtte det bli for å kunne foreta ei brukbar og praktisk gjennomførbar sammenligning mot MkI som no nyleg var ute av hus);
- romfølelsen er tydelegare og dybden større. Dette er nok grunnen til at høgtalarane no er vanskelegare å plassere lydmessig som lydkilde i rommet. Lydbildet er stort!
- bassen er betydeleg strammare/definert og går meget djupt
- samtidig mindre fyldig i bassen - usikker på årsak, kan vere at MkII reagerar annleis på mangel på nok strøm enn MkI (som hadde ganske fyldig bass med same forsterkeri)
- generelt meget gjennomsiktig og uanstrengt. Hadde i grunnen ikkje trudd det var noko å hente på sistnevnte ift MkI, der tok eg feil
- generelt litt meir dynamisk og engasjerande
- betydeleg meir luft
- tydelegare (og lenger etter)klang
- stemmer (lettast å gjenkjenne) er meget truverdige
- meir avslørande mhp elektronikk og kvalitet på opptak
Mvh. Karl