Ved nokre høve har eg funne det tenleg å nytte cowboymetoden for å justere pickupen:
- Montere pickupen i aktuell arm på ein så edrueleg måte som råd (ein eller annan mal for å justere overhenget er nødvendig. Om ikkje anna, eitkvart nedlasta frå nettet)
- Platespelaren er vel i vater? Helst på vegghylle? Viss ikkje, må beina justerast.
- Nullstille antiskating og utbalansere stifttrykket til 0.
- om armen har skala for justeringane, bør desse brukast som eit utgangspunkt. Om ikkje, går du direkte til neste punkt.
- Ha på litt stifttrykk. Om nålefanen er lang, sjå til at denne bøyer seg bittelitt. Er det svært kort nålefane, er dette ikkje å stole på. Då må du bruke fingerspetzkjensla. Om du ikkje har pickupvekt. Har du pickupvekt, er denne sikkert feil, men du kan bruke denne som utgangspunkt.
(-Ekstra punkt som gjeld for ekstra paranoide cowboyar: Sjekk asteriks på slutten av inlegget *)
- Anti-skating-tid: Finn ei plate utan rillar, og sett i gong avspelinga. Det ideelle er no at armen held seg i ro når pickupen er i kontakt med den snurrande vinylen, med ørlite tendens til å flytte seg innover plata. Denne tendensen bør vere like sterk, uansett om du spelar ytter- eller innerriller. Har du ein normal arm, får du ikkje dette til. Har du justert antiskatingen rett på innerrilla, vil armen bevege seg utover når du spelar ytterrilla. Justerer du etter ytterrilla, vil pickuparmen aksellerere innover etter kvart som armen kjem nærare spindelen. Dill med systemet til du ser at armen iallfall ikkje går utover på ytterrilla, og at han ikkje hoppar ut av innerrilla når stiften kjem dit. Går det heilt på tryne uansett kva du gjer, kan du justere beina på spelaren, slik at han ikkje lenger står i vater, men skråar for å få rett. Eller du kan gje opp, og justere etter midten av plata. Vert du paranoid eller utviklar andre diagnoser under arbeidet, må du vurdere seriøst å få deg tangentialarm. Og dermed miste ein del bassglede.
- No startar lyttinga (du er vel edru?).
- Aller fyrst sjekkar du at balansen er rett. Er den eine kanalen dominerande, rykk attende til start, prøv med lågare stifftrykk, og sjekk antiskating etterpå. Vert det verre må du auke stifttrykket etterpå.
- Finn fram musikk.
Spel Supertramp Crime of the century. Høyr på elpianoet. Skurrar det? auk stifttrykket ørlite, og sjå om det vert betre.
Spel Tomboy Time to be free, og sjekk at bassen spelast dynamisk og på andre måtar perfekt. Auk stifttrykket om du ikkje er fornøgd.
Spel RCA LSC 2446 Scheherazade, og sjekk at perspektivet er naturleg, at solofiolinisten står på rett plass, og at proporsjonane i orkesteret er rette. Har du forresten sjekka høgtalarplasseringa i det siste? Gjer dette for å vere sikker.
Spel kammermusikk, gjerne Syrinx-plate med Schuberts strykekvintett. Er perspektivet korrekt?
Spel Creedence og Stones. Funkar dette?
Sjekk om du får dreis på Cat people tittelkuttet
Spel DSOTM (heile plata. Ta om att hjarteslaga og klokkekiminga eit par gonger. Har du både Mob fi- og standardutgåva, gjer du det same med begge platene)
Og så ei av Cornelis sine tidlegaste plater (eg likar best "Tio vackra visor och Personliga Persson")
Er det noko du ikkje er fornøgd med? Gjer eitt av fylgjande:
- Kjøp ein betre pickup, som er så dyr at forhandlar justerer spelaraen for deg. Går ikkje dette, må du snakke med banken, og:
- Kjøp ein ferdigjustert vinylrigg, som er mykje betre enn den du hadde tenkt å betale for i utgangspunktet
- Kjøp CD-spelar, eller slå deg til tåls med Spotti - fy
- Kjøp nytt anlegg
- Kjøp deg ein amcar eller seglbåt
*) lån justeringsutstyr hos ein ekspertforhandlar. Dr Feikwert, Geodisc, og alt det andre du kan komme over av malar. Bruk den som fylgjer med frå forhandlar, men stol ikkje berre på denne. Det er fleire geometriske modellar som ein kan krangle om er best. Stol ikkje på nokon, men prøv alle, heilt til du må levere attende justeringsmalane.
Lukke til!