Hei, godtfolk!
Eg er nokså ny her på Hifisentralen, trass i at eg har hatt glede av hifi i rundt 35 år. Har aldri sett meg råd til å bruke store summar på dette, men har brukt mykje pengar på ei nokså stor vinylsamling. Får gjerne ein raptus ca kvart 7-8 år då eg byter ut nokre av komponentane i anlegget. Då les eg meg gjerne litt opp før eg oppgraderer, trekk meg tilbake og kosar meg med det utstyret eg har. Eg har alltid nytta vinyl som primær signalkilde, og alltid vore svak for engelske stativhøgtalarar.
Når eg no er inne i ei slik raptus med oppgradering skulle eg neste ønske at eg er meir audiofil enn det eg er, i alle fall med tanke på å forstå det tekniske. Eg trur at impedanse er ein av standarane innafor latin, at fase er noko som vil gå over, og at watt er det som varmar i den gamle parkasen min, om de skjønar. Karakteren 2 i matte og naturfag fortel vel også noko om mine evner på dette området. Eg nemner dette fordi eventuelle svar på spørsmåla mine - dei kjem om litt, fortvil ikkje - truleg må serverast med teskei.
Så til problemet:
Eg skal prøve å gjere ei lang historie kort. Ved avspeling av vinyl begynte eg i fjor å få problem med blaffrande element ved litt høge volum. Eg spelar sjeldan særleg høgt, så dette tok litt tid før eg oppdaga. Eg hadde då fått ein liten sub frå B&W inn i anlegget, og trudde sjølvsagt det var snakk om ein slags feedback. Eg har alltid hatt platespelaren ståande på dempa vegghylle, men flytta likevel litt rund på sub'en. No oppdaga eg at det berre var når eg spelte enkelte plater at blaffringa (det finst eit utrykk på engelsk for dette fenomenet som eg ikkje hugsar) oppstod. Eg spelar stort sett orginale 1. utgåver, eller bra reissues frå 70-, og 80-åra, men har siste året kjøpt ein del nye reissues på 180 g vinyl. Det er desse som er verst. Med nye høgtalarar og ny sub har dette problemet kome opp att. Av det eg kan fortå kan det vere tre forklaringar/årsaker til problemet:
1) Akustisk feedback. Dette har eg testa ut på alle måtar og utelukka heilt.
2) Dårleg demping av arm. Har ein velkjend Clearaudio med Clearaudio Performer V2, ser ikkje heilt for meg at problemet ligg her.
3) Lågfrekvent støy som ligg i rillene på plata. Tenkjer at dette kan vere forklaringa, ikkje minst sidan problemet oppstår med nye re-press frå gud-veit-kvar, gjerne naska frå CD'ar.
Eg likar Clearaudioen veldig godt, og vil helst ikkje byte ut denne. Eg vil helst ikkje måtte velje riia utifrå om den har filtrering eller ikkje, men må ein så må ein. Likar ikkje så godt tanken på putte enno ein boks inn i signalvegen (heiter det det?), men har vurdert denne dingsen her: KAB RF1 Rumble Filter Kan den vere ei løysing skal tru?
Reknar med at vinylfolket kjenner til dette fenomenet/problemet, og blir glad for gode innspel. Temaet har sikkert vore oppe her inne før, men eg har ikkje klart å finne noko. (Syns det er litt vanskeleg å søkje her inne.)
Beste hels Fairport

Sist redigert: