Undertakers Circus: "Ragnarock"
Skuffende fra deg Arve!
Tja, eg kunne alltids grunngje valet:
- blåsearrangement som får Chicago til gråte, og Blood, Sweat & Tears til å heve augebryna.
- Tekstar på norsk som skiftar frå Rudolf Nilsen og anna aktuelt stoff, til norrøn refleksjon, Endåtil ei tekst på nynorsk, sjølv om dei kom frå ein stad der dette kanskje ikkje hadde var det vanlege. Meir enn å vere politisk korrekt, det var også visjonært.
- For fyrste gong køyrdest bassgitaren rett i miksebordet. Ikkje 100% vellukka, men lydleg innovativt og spennande attende på tidleg 70-tal.
- Og så har eg plata i samlinga. Ho skal visstnok også vere tilgjengeleg på CD. Kan finnast på Spotify. Bra for folkeopplysninga
Eg kunne ikkje la platene frå Differnce, Juniphar Greene, Aunt Mary,
Popol X, Ole Paus, Folque eller Kjøtt og Depress få ein slik heider. Men eg vurderte sterkt The Aller Verste "Materialtretthet" og "Wounded Bird" med Flying Norwegians. Desse fall igjennom då dei ikkje hadde nynorske tekstar.