Audiophile-Arve
Æresmedlem
Dette kan bli veldig dyrt.....fleire klasserom, fleire pultar, fleire lærarar. Då må vi ha lågare lærarløner, større skular.....
Det spennande er no å diskutere læringssyn. Synet på lærdom som eit slags pulver ein kan tømme inn i folk. Slik at det er likegyldig om ein lærer multiplikasjon som 5-åring eller som 10-åring - pulveret er det same. Vi såg det veldig tydeleg då dei innførde skule for 6-åringar - leikeskule (dette negativt belasta omgrepet) fyrst, og deretter "skikkeleg" skule, også for 6-åringar. Sitte stille - sjå på tavla - lære..... og det same kjem nok til å skje med 5-åringar. Om dette ikkje fører til fleire ingeniørar og betre rating på PISA, innfører vi same liturgi for 4-åringane, osb....