Er ikke den rådende konsensus på området nettopp at det er forskjell på kabler, men at forskjellene er små, og i beste fall nyanser? Det er vel heller som alltid i selve prissettingen fra verstingene at kontroversen ligger, i forhold til ytelse og kostpris?
Arve fra Audophile: det både forbauser meg og opprører meg at du (og flere) som er journalister og dermed halv-profesjonelle innen lyd og bilde kommer med slike utsagn. Forskjellene er svært små, sier du. For noe tull og du kan neppe ha testet tilstrekkelig nok kabler til å vite bedre. Kabelkvalitet er helt avgjørende for god lyd og i hvert fall når en snakker High-End. Så du skiller deg fra både Knut Vadseth og Geir Fredriksen og Geir Tømmervik og Halvar Rostad og en masse skribenter i Stereophile og The Absolute Sound og What Hi-Fi?. Og du hevder strøm er bagatell hvis det er tilstrekkelig regulert i elektronikken. Hvor mye av elektronikken folk bruker hjemme er i så fall det? Nesten ingenting og det løser heller ikke alt med strøm bare med konstruksjon av forsterker. Hvorfor har da Geir Fredriksen i Audio Insight utviklet IsoVolt som de selger masse av på OHC og Dieter Burmester laget 948 strømrenser med DC-filter og IsoTek strømfiltre blir brukt i Universal Music profesjonelle lydstudioer? Du kommer nærmest med vranglære her og du har ikke så god kunnskap om lyd som du selv tror. Opprører meg å lese slikt.
Jajaja! Om eg har gjort tilstrekkjeleg mange kabeltestar.......vel, kor mange froskar må ein kysse, eigentleg?
Har vore med på heile kabelballetten sidan Monster cable kom med sine ymse høgtalarkablar. Har også hatt Kenwood 07-monoblokker med medfylgjande signalkablar og høgtalarkablar (desse monoblokkene skulle plasserast så nær høgtalarane som råd, og hadde 10 meter signalkabel frå forforsterkar. Eg har hatt ymse forforsterkar/effektforsterkarar, mellom anna "Le Tube" rørforforsterkar med sinnsjukt høg utgangsimpedans. I ein del konstellasjonar var det råd å merke kabelskilnad. Andre ikkje. Aldri ekstremt store skilnadar
a la det ein registerer ved skifte av komponentar som forsterkarar eller høgtalarar.
Naturlegvis har eg ikkje høyrt alle utgåver av leidningar, men etter å ha samanlikna kanskje eit førtitals av slaget frå tid til anna, har eg ikkje sett det nødvendig med omfattande investeringar på kabelfronten. Derimot har eg brukt litt kronasje på andre deler av stereoanlegget. I samsvar med slik eg har funne det fornuftig.
Anlegget mitt er ikkje spesialdesigna for å kunne skilje mellom kablar. Eg har hatt oppsett som er meir analytiske, og som pinpointar i stor grad, men heller ikkje desse har lokka meg til å fornye kabelparken.
Skilnadane på kabel er der, men ganske små. Å skifte mellom to kablar kan ha om lag same innverknadsgrad som å kveile opp eine høgtalarleidninga, og ikkje den andre. Eg samanliknar dette med å måle skilnadar i millimeter. Forsterkarar i centi- og desimeter, medan høgtalarar og samsvar mellom høgtalar og rom må målast i meter. Minst. Av og til er ein millimeter nok. Men det er langt mindre enn ein desimeter.
Å gjere kabel"test" og innfri alle kabelpusharar sine spesifikasjonar til korleis kabelen skal vere kopla, plassert, innbrend, mm. er vanskeleg. Det å få beskjed om at ein to-leiar høgtalarkabel må snuast andre vegen, er litt frustrerande. Særleg når eg ikkje kan få dei spesifiserte kabellengene, og må samanlikne 3-metersleidningar med 5 meters - det vert ikkje rettferdig.
Men sjølv om det er ulike vilkår, er skilnadane ikkje større enn at dei er til å leve med.
Ein kabelsamanlikning eg hugsar som markant, var då Stig Arne Skilbrei brukte avisolert installasjonsleidning som vi bende på. Det var "stor" skilnad (altså tydleg merkbar) mellom det å ha leiarane tett saman og langt frå kvarandre.
Elles har eg ikkje gjort kabelsamanlikningar heime hjå Knut Vadseth, Geir Fredriksen, eller Halvar, men eg har då besøkt dei, og kan seie at alle tre har uvanleg god peiling på lyd. Men eg må no likevel leve med mi oppleving av lyden. Når eg vurderer hifiprodukt gjer eg det anten laurdags eller søndags morgon, og då er eg edru. Tek ikkje sjansen på å hallusinere, skjønar du.
Har du nokre kablar du meiner vil gjere underverk for anlegget mitt, kunne det vore morosamt å prøve dei.