Prøver igjen.
Er det lydmessig forskjell å gå fra ubal. til bal overføring fra rig til RIAA. (XLR i begge ender)
Forskjellen ligg i at: med balansert overføring:
1) vert interferens kansellert (i differensialforsterkaren i RIAA-forsterkaren)
2) skjermen vert ikkje kopla saman med signaljord i RIAA-forsterkaren (han skal koplast til chassisjord)
Med ubalansert overføring er skjermen kopla til signaljord, slik at interferensspenningar i skjermen modulerer jordpotensialet. Kor høyrbart dette er kjem an på korleis utlegget av kretskortet er utført, forsterkartopologi, etc. Med ubalansert overføring har ein eit dåleg utgangspunkt og ender opp med ei suboptimal løysing, same kor dyr RIAA-forsterkaren er.
Men om du ikkje har balansert inngang (diifferensialforsterkar) i RIAA-forsterkaren får du ikkje balansert overføring. Det er ikkje XLR-kontaktane i seg sjølv som gir ein føremon, med at det vert nytta to-leiar symmetrisk kabel og differensialforsterkar i inngangstrinnet i RIAA-forsterkaren. Ein kunne ha nytta andre kontaktar, som til dømes LEMO-kontaktar, men så vidt eg veit er det ingen RIAA-forsterakara som har slike. Du treng ikkje XLR-kontaktar i begge endar; 5-pols TAC-kontakt i tonearma fungerer like godt. Men nokre tonearmer, som til dømes arma på Kenwood KP-990, fører leiarane i tonearma fram til eit lite koplingsbrett, som originalt er kopla vidare til phono-kontaktar. For balansert overføreing lyt ein bytta ut phono-kontaktane med XLR-kontaktar, men det er ikkje så vanskeleg. Om ein ikkje vil laga nye opningar i kabinettet kan ein lodda leiarane direkte til koplingbrettet, og da held det med XLR-kontaktar i den eine enden av kabelen. Og det er ingen vits i å kjøpa ein svindyr sokalla "high-end-kabel". Mikrofonkabel fungerer minst like bra, og prisen er fornuftig (lydteknikarar er ikkje like lettlurte som hifi-folk...).