Lagmannsretten meiner at det er bevist at A og B på eit tidspunkt før 1. januar 2004 avtalte eit samarbeid. I vurderinga av tidspunktet, har lagmannsretten lagt vekt på forklaringa til B, samanhalde med at det er bevist at A frå og med 2004 mottok kontantar frå B. Lagmannsretten viser også til at B i 2005 betalte deler av bygginga av badet til A på [gard].
Lagmannsretten kan ikkje gå utanfor det tiltalen gjeld, og lagmannsretten tar difor ikkje stilling til akkurat på kva tidspunkt avtalen mellom A og B kom i stand. Det er heller ikkje naudsynt for lagmannsretten å ta stilling til akkurat på kva måte avtalen kom i stand. Når lagmannsretten bruker termen «avtale» ligg det i dette at lagmannsretten meiner at A og B hadde ei sams oppfatning om kva dei to skulle yta til kvarandre knytt til at B innførte hasj. Ei slik sams oppfatning blei etablert før 1. januar 2004, og det spelar inga rolle om denne oppfatninga blei etablert primært gjennom faktiske handlingar over tid eller gjennom samtalar mellom dei to. Det avgjerande er at det er bevist at det 1. januar 2004 eksisterte ei slik sams oppfatning, og såleis ein avtale om samarbeid.
Det er bevist at samarbeidet gjekk ut på at A mot økonomisk godtgjering skulle varsla B dersom det blei beslaglagt hasj i tidsrom der B venta på å få hasj frå utlandet. A skulle dessutan informera B om ressurssituasjonen og prioriteringane til politiet, og prøva å fjerna fokus frå B dersom nokon i politiet eller tolletaten viste interesse for B. Askulle gjennom dette redusera risikoen for at B blei pågripen av politiet.
Det er bevist at A i heile tiltaleperioden gav informasjon til B i denne samanhengen. Dette skjedde i fysiske møte, i telefonsamtalar og gjennom elektronisk kommunikasjon. Lagmannsretten har i bevisvurderinga særleg bygd på forklaringa til B, samanhalde med framlagt kommunikasjon mellom A og B.
Det er bevist at A i heile tiltaleperioden var klar over at B innførte hasj til Noreg, og at det var tale om parti på opp mot 700 kilo, og at det kom nye parti med jamne mellomrom, til dels så ofte som kvar månad, til saman ca. 13,8 tonn i tiltaleperioden. Lagmannsretten legg vekt på forklaringa til B, og dessutan på andre bevis – omtalt ovanfor – som underbygger at B alt før 2000 var etablert som stor importør av hasj. A hadde allereie på 90-talet tett kontakt med B, og det kan utelukkast at A ikkje var klar over omfanget av hasjimporten. Det er bevist at det i løpet av tiltaleperioden ikkje skjedde noka endring i avtalen mellom A og B. Lagmannsretten legg vekt på at A allereie i eit notat i 1998 omtalte B som ein svært profesjonell omsetjar av hasj. Lagmannsretten meiner at B i tiltaleperioden utvilsamt gav A løpande, detaljert informasjon om eiga hasjverksemd.
Det er bevist at avtalen, og oppfølginga av avtalen frå A si side, i heile tiltaleperioden styrkte viljen hos B til å gjennomføra innføring av hasj, og at han innførte til saman minst 13,8 tonn hasj. Det er bevist at gjennomføringsviljen til B blei styrkt ved alle dei innføringane som er spesifisert i underpunkt i tiltalen post I. Lagmannsretten har lagt vekt på forklaringa til B, som blir underbygd av at det er bevist at B i heile perioden var villig til å yta økonomisk godtgjering til A.
Det er vidare bevist at A i heile tiltaleperioden var klar over at han styrkte gjennomføringsviljen hos B, slik som skildra i førre avsnitt, inkludert ved kvar enkelt innføring eller forsøk på innføring som er spesifisert i underpunkt i tiltalen post I. Lagmannsretten legg vekt på at det er bevist at A gjennom heile tiltaleperioden mottok økonomisk godtgjering frå B. Det kan utelukkast at A ikkje forstod at B betalte fordi B meinte at A gjennom sine handlingar reduserte risikoen for at B skulle bli pågripen.
Lagmannsretten meiner at det er bevist at A i løpet av tiltaleperioden mottok godtgjering frå B til ein samla verdi av 1 418 000 kroner, og at A mottok dette i eigenskap av å vera polititenestemann. Det er bevist at det var ein direkte samanheng mellom stillinga til A i politiet og det at han mottok godtgjeringa. Det er bevist at B gav slike ytingar fordi han oppfatta at A til gjengjeld reduserte risikoen for at B skulle bli tatt av politiet. B oppfatta at A var i stand til å redusera risikoen nettopp fordi han var polititenestemann, og A var klar over at B oppfatta det slik. Det er bevist at A var klar over at han mottok fordelane frå B fordi han var polititenestemann.