Høgtalarane er uansett største utfordringa. Her bør du bruke pengar, men endå meir tid. Dei skal passe til din musikksmak, lyttevanar, og ikkje minst det rommet som dei skal stå i.
Eg har høgtalarar som kostar 20 gonger det effektforsterkaren kostar. Det er fordi eg har vore heldig, og fått høve til å prøve mange effektforsterkarar. Såleis har eg visst kva som passar mitt behov, og kva eg går til. Det å prøve utstyr er eit stort pluss, og sjølv om eg har kjøpt komponentar utan at eg har høyrt dei på førehand, vil eg sterkt tilrå å gjere ei avtale om heimlån før du bestemmer deg.
Elles kan eg tilrå følgjande innkjøpsprosedyre:
1) Bestem deg for eit budsjett. Ta i litt. Det vert gjerne meir tilfredsstillande. Er du pisten, kjem du til å angre, har eg erfart.
2) Les deg opp på høgtalarar. Finn 12 stk som du likar spesifikasjonar og utsjånad på (sjekk også elektrostatar/magnestatar. Det kan hende det er tingen)
3) Gå for dei høgtalarane som passar til 50% av budsjettet ditt.
3) Ta telefon om minst 8 av desse høgtalarane du likte til forhandlar, eller aller helst importør.
4) oppsøk 6 butikkar og lytt til aktuelle høgtalarar. Høyr kva seljarane seier om kor godt høgtalarane vil passe i ditt rom.
5) finn ut om høgtalarane treng mykje straum eller effekt. Det vil ha alt å seie for kva effektforsterkar du treng.
6) Gjer avtale om heimlån. Det er lurt å ha to høgtalarsett heime samstundes, så vil du kunne vurdere. Det skal mykje trening til å hugse lyden av eit anlegg.
7) No kjem det ein fase der du skal bestemme forsterkar. Det er vanskeleg og består av fleire avgjerder:
a) Transistor eller rør?
b) eventuell forsterkarklasse?
c) Integrert eller separate for/effektforsterkar? Vel du integrert, slepp du mykje strev, men kan også gå glipp av eit fantastisk høve til å "finstemme" anlegget med forforsterkaren sitt "soniske fingeravtrykk". Dette er sjeldan så utprega på ein integert forsterkar, medan ein separat forforsterkar kan vere kva som helst.
8) Når du er ferdig med det føreståande, kan du betale. 25% av budsjettet går til forsterkarelektronikken.
9) No står det att å bestemme signalkjelder. Strøyming må du ha uansett. Så vil eg tilrå vinyl. Har du CD-ar frå før, må du kunne spele av desse. Ein dak er nyttigare enn ein "grei" CD-spelar, så kan du spare litt pengar her. Men hugs også at spoleband byr på fantastisk lyd. Problemet er å finne dei til skapeleg pris...
10) Jobb med plassering og rigging til du er fornøgd. Kabel (eller leidningar) bør vere så korte som råd, og plasserte slik at dei ikkje lagar krøll på nokon måte. Bruk ikkje meir enn 5% av budsjettet på slikt.
11) Ta ei pause der du nyt musikk. Minimum 10 timar kvar veke. Pausa bør vare minst 2 år før du går laus på nye utfordringar.