jahe68
Medlem
Begge kabelsetta fungerer kjempebra enno. Ingen problem med kontakt eller kontaktene i nokon av setta. Begge selgarane oppga at dei hadde vore veldig fornøgd med dei. Eg meiner du gjorde ein svært god jobb med å utvikle og produsere desse. Eg hørte Coanda på Musical Innovation klasse A og eit sett med Båsundhøytalarar i Førde for nokre år sidan. Det var eit ganske gjennomsiktig oppsett med rein lyd og ut frå det eg meinte å høyre likte eg lyden av Coanda den gangen, men var litt usikker om Coanda var oppløyst nok til Båsundhøytalarane (Steinhøgtalarar og Focalelementer). Eg ville uansett prøve desse sjølv etterkvart. So eg var svært fornøgd då lyden satt slik eg håpte på dacen med xlr, synes det låter ganske tett på vinyl.No har eg akkurat flytta rca over frå litt innspilling på ein multispelar og over til vinyl. Eg kunne då direkte samanlikne med dacen og Coandacabelen plukka lyden på multispelaren i frå kvarandre og viste kor dårlig multispelaren var i forhold til dac på musikk. Coandaen vart umidelbart flytta til vinyl og der blir den værande.