Klasse A-forsterkarar er ideelle småsignalforsterkarar. Men når ein treng stor effekt er dei, på grunn av låg verkningsgrad problematiske. Klasse A tyder at utgangstransistorane alltid leiar straum, slik at dei er fri for kryssoverforvrengning. I ein klasse B-forsterkar er det berre den eine transistoren (npn eller pnp) i eit push-pull-trinn som leiar, medan den andre er av (ofte er det det fleire transistorar i parallell, og da er det enten alle pnp- eller elle npn-transistorane som er på/av). Etter som npn- og pnp-transistorar ikkje er heilt komplementære endar ein opp med litt feil i nullgjennomgangen (når ein transistor stengjer og den andre opnar). Denne forvrengninga er det ein kallar kryssoverforvrengning.
Nokre forsterkarar har større tomgangsstraum enn klasse B, men mindre enn klasse A, slik at begge transistorane (npn og pnp) begge leiar når utgangsspenninga er låg. Når utgangsspenninga aukar vel den eine transistoren stenga heilt, slik at berre ein leiar. Om utgangssppenninga er lita unngår ein difor kryssoverforvrengning, men når spenninga blir så stor at den eine transistoren stengjer vil vi få forvrengning, og denne forvrengninga er som oftast kraftigare enn kryssoverforvrengninga i eit klasse B-trinn. Om det er meir høyrbart er det ikkje heilt enkelt å avgjera, på grunn av at når det skjer ved ein større amplitude er det meir sannsynleg at forvrenginga blir maskert av det tilsvarande større lydtrykket. Men dette vil avhanga av den spektrale energien i forvrengninga i høve til den spektrale energien i signalet utan forvrengning, Slike utgangstrinn er det som vert kalla AB, etter som dei er ein mellomting mellom klasse A og B. Eit utgangstrinn kan operera i klasse A (begge transistorane leiar heile tida, men i ulik grad) når utgangsstraumen ikkje er for stor. Men om lasten trekkjer stor straum, slik som ein kapasitiv last gjer i høgfrekvensområdet, kan det henda at den eine transistoren stenger heilt. Då vil det som skulle vera ein klasse A-forsterkar operera som ein klasse AB-forsterkar. Det er mange effektforsterkarar som vert senlde som klasse A, men som i røynda ikkje er det når ein koplar på ein høgtalar som trekkjer stor straum.
Eit utgangstrinn som skal arbeida som rein klasse A med kapasitiv last lyt difor ha stor tomgangsstraum, noko som fører til liten effektivitet. Dette fører i sin tur til at elrekninga går opp og at ein har ein ekstra elektrisk varmomn i stova. Dette er kanskje ikkje eit problem midt på vinteren, men på sumaren er det ikkje så bra. (LC Audio hadde ein effektforsterkar med ein brytar på baksida som kompla om mello stor og liten tomgangsstraum.) Klasse A-forsterkarar lyt ha store kjøleribber for å verta kvitt den termiske enegien som vert generert i utgangstrinnet, noko som er dyrt og fører til fysisk store kassar. På dette området er det ingen tvil om at klasse D er best.
Det finst òg nokre utgangstrinn som varierer tomgangsstraumen, enten trinnvis [1] eller kontinuerleg [2], for å hindra at transistorane stenger heilt. Ein er da avhengig av at denne justeringa ikkje innfører forvrengning.
Gjenverande ulinear forvrengning kan reduserast me hjelp av tilbakekopling. Ein effektforsterkar bør ha stor råforsterking (forsterkning utan global tilbakekopling), slik at ein kan nytta kraftig global tilbakekopling for å legga fast lukka-sløyfe-forsterkinga. Det er differansen mellom open- og lukkasløyfeforsterkinga (sløyfeforsterkinga) for fører til reduksjon av forvrengning, undertrykking av rippel i forsyninga, etc. At det innan "Hi-End-krinsar" heiter at global tilbakekopling let dårleg er ei myte som har overlevd frå tidleg på 1970-talet. Men om ein ser objektivt på det og studerer tilbakekopling, i staden for å lesa so kalla "High-End"-litteratur, finn ein fort ut at dette ikkje stemmer. Røyrforsterkarar har ikkje så stor råforsterking, så sløyfeforsterkinga blir for lita til å effektivt undertrykka forvrengning. At det er sume som likar forvrengning er ei anna sak....
Referansar
[1] B. Duncan, High performance audio power amplifiers for music performance and reproduction, Newness1996.
[2] N. Pass, Active bias circuit for operating push-pull amplifiers in class A, US patent 3,995,228, 30/11-1976,