Då var endeleg alt rigga opp i nyehuset, og eg tenkte det kunne vera ålreit å fortelja om kva eg (ikkje) har. Åtvaring: Dette er kanskje ikkje ein gong hifi, men det meste har vore tilrådde kjøp ein gong i tida.
Sølvplater speler eg på ein Sony NS333 DVD-spelar. Prisen låg på om lag 2'000 kr for tre år sidan, og spelaren erstatta ein gamal (og billig) Sony CD-spelar som hadde gjort teneste sidan 1992. Denne her har iallfall digital utgang, kan spela film og var ei merkbar oppjustering for dei gamle greiene. Eg har rippa ein del CDar til FLAC, men analog ut frå PCen min er diverre ikkje like bra som DVD-spelaren.
Forsterkaren er ei integrert sak frå midten av 1990-talet, NAD 310. 2x20W, 5 linjer inn. Stort meir er det neppe å seia om denne. Eg trur han vart rekna for eit godt kjøp då eg kjøpte han, og online ser det ut som om mange andre òg likar han.
Eg var imidlertid aldri heilt nøgd, for eg hadde han kopla på eit sett B&W DM602, og eg trur at han var litt for veik for dei. Så, då barnet mitt utforska verda og trøkte inn metalldiskantane på båe høgtalarane, gjekk eg for Cambridge Audio S30, noko som burde vera lett match. Det var det.
I bokhylla, til og med. Langt unna barnefingrar, men kanskje ikkje heilt optimalt. Eg har aldri målt.
Svarte plater snurrar på ein Rega Planar 2. I mange år (heilt til eg byrja å frekventera sentralen) var dette stoltheita mi, kjøpt i 1998. Rega Bias pickup, og går gjennom eit BT926 RIAA-trinn frå B-tech. Står på ei vegghylle eg har laga sjølv, tallerkenen er i vater og er vel den beste kjelda mi, alt i alt. Eg trur iallfall eg liker lyden herifrå best. Men eg har ikkje så veldig mange plater.
Karakteristika? Eg tykkjer oppsettet mitt spelar "fint" i dag, tatt i betraktning at marknadsverdien kanskje er NOK 3-4k (totalpris i innkjøp NOK 9-10k). Dramatikken er ikkje der, og det manglar minst ein oktav i botnen og kanskje ein del på stereoperspektivet. Eg kan spela meir enn høgt nok (av omsyn til naboar og sovande barn), men lyden kunne samstundes gjerne vore "større". Det er òg klart at det eg har, er eit stereoanlegg: Det speler musikk, men reproduserer neppe den musikken som vart spelt inn. Sidan eg fyrst og fremst høyrer på klassisk musikk, er jo det litt trist (fordi det finst ein "sann" lyd å jakta på).
Weiter? Ja, kva kan ein gjera med noko slikt.
Eg har ikkje økonomi til å byta utstyr på den måten mange her inne gjer, og ser føre meg forsiktige oppgraderingar. Noko større lydvolum treng eg heller ikkje, men eg hadde likt om lyden var meir "ekte". Problemet er at alt burde vore bytta ut ... (Kanskje til og med huset. Når eg handlar plater på Aktiv Klassisk, får eg alltid beskjed om å spela høgt. Så kanskje løysinga er eit hus der eg kan dra på litt meir).
Den mest nærliggande investeringa er kanskje ein ekstern DAC, til dømes Beresford TC-7510. Det burde gje kvaliteten frå digitale kjelder (CD/PC) eit ekte løft, og dessutan gje meg ein etterlengta utgang til hovudtelefonar. Seinare kan eg jo til og med kopla til Squeezebox. Eigentleg ville eg gjerne hatt denne Beresford-saka med ein analog inngang òg (a la Benchmark DAC1 Pre), men ein kan vel ikkje få alt til ingen pengar.
Platespelaren min kan jo oppgraderast i det uendelege, med både ny PU, ny motor, ny RIAA og ei lang liste med lure remediar. Men det er kanskje ikkje så glupt; på eit tidspunkt vert det betre å berre kjøpa ein ny (el. velbrukt) spelar og slik få eit betre fundament. Status: på vent.
Forsterkeri og høgtalarar er den største utfordringa, og kanskje det viktigaste? Problemet her er at eg føler eg må oppgradera båe delar samstundes, og det er utanfor budsjett ei god stund framover. Dessutan er det så mange løysingar å velja mellom.

Vedlegg
-
65.5 KB Visninger: 890
-
48 KB Visninger: 902
-
63.1 KB Visninger: 879
-
49.7 KB Visninger: 885