Audiophile-Arve
Æresmedlem
Har eg lese i kryss igjen? Mykje styr å halde orden på desse trådane.....
Kjøper ein plater, spesielt om ein kjøper brukte (slike som har vore handsama på ein uvøren måte), må ein rekne med at nokre av dei treng rens. Eg har opplevd at vask (spesielt med LAST) har ført til mindre overflatestøy også på nye plater, og då treng ein vaskeutstyr. Eg brukar rompesprit og vatn, som er jamngodt med isopropanol, vil eg tru.
Men kva slipeprofil som er best, er vanskeleg å vere kategorisk om. Koetsu er det eg har best erfaringar med, og den har merkeleg sliping - skal sjå ut som ein pyramide opp-ned. No har eg ikkje så mykje empiri på Koetsu (berre høyrt ein tre-fire,, og aldri i samanlikning), men små stiftar hamnar iallfall djupare i rilla enn store. Ettersom desse kostar meir å lage, er det færre som har dei. Sjansen for at dine brukte plater er eigd av ein som også har VdH eller Shibatanål, er såleis ganske liten, medan det er vesentleg større sjanse for at det har samla seg ymse ureint i botnen av rilla.
Mykje å spekulere på. Men skilnad i opphenting av støy var ganske lik på dei to 33ane eg prøvde. Skal ein ha små stiftar, trur eg ikkje det finnest noko mindre enn VdH type 2, men kanskje andre har meir info?