I denne tråden vert det nesten utelukkande snakka om den russiske staten, og fyrst og fremst om krigføringa i Ukraina. Begge delar er påviseleg dritt.
Det er nokre som meiner, etter det eg kan sjå, at Russland har ein slags djupstrukturell affinitet for despoti fordi dei aldri fekk med seg opplysingstida. Det trur eg er mest feil, men litt rett.
Det eg trur er rett, er at den russiske staten er konstruert som eit erobringsimperium, med Moskva/St. Petersburg som metropolar. Metropolen si interesse av randsonene har fyrst og fremst vore geopolitisk og ressurstilgang, særleg under det store århundret for kulturell assimilering (1800-talet). Det skjedde rett nok ein del former for levekårsforbetringar i sovjetstaten, men samtidig støtta den staten opp under nasjonale minoritetar, skriftfesta ei rekkje av språka (pendelen svingte ein del mellom "russifisering" og alfabetisering, så det er ikkje så godt å vera eintydig der) og ikkje minst gav lokale høvdingar (storkarar) jobben som generalsekretær for det lokale partiavsnittet. Restene av det sistnemnde ser vi i dei sentralasiatiske republikkane som vart sjølvstendige etter 1991, og stoda er etter det eg skjønar lik i mange av dei "autonome republikkane" i Russland. Det var heller aldri snakk om at russisk, eller Moskva, skulle mista den hegemoniske posisjonen.
Det gjer at eg er samd i at det er vanskeleg for Russland å fungera som eit moderne, liberalt velferdsdemokrati slik vi er vane med i Nord-Europa. Eg seier ikkje at det er umogleg, men det vil krevja målretta innsats over lang tid (td. kan ein ikkje svi av overskotet på korrupsjon og militære eventyr). Når nokre på venstresida har likt Putin, har dei kanskje trudd at dette var prosjektet.
Når det gjeld opplysingstida, var ikkje Tsar-Russland heilt utan impulsar (på 1700-talet henta dei, akkurat som Prøyssen, kloke hovud (td. Euler) frå resten av Europa til hoffet, og adelen var lenge minst like europeisk som russisk). Ja, tsaren var (nærast) eineveldig heilt til det siste, og lengre enn i resten av Europa, men det er ikkje snakk om hundrevis av år, heller.
Men, det eg er skeptisk til, er å tenkja at demokrati noko ein treng hundrevis av år på å utvikla, og er avhengig av nett den samfunnsutviklinga vi har hatt i Europa. Det spelar også rett inn til slike som Dugin, som legitmerer dagens Russland med at det å vera russisk er noko fundamentalt anna enn å vera, tja, vest-europear, at den russiske sjela (russkaya dusha) er uløyseleg knytt til sterke kjensler, triste songar, kollektiv handling og, gjerne autoritære statsleiarar.