Jeg heller mer til islamistisk ideologi som årsak til konflikten. Israel må ut derifra eller drepes.
Den islamistiske ideologien dukka ikkje opp før om lag 30 år etter 1948, og fekk ikkje alvorleg fotfeste før Oslo-avtalen synte seg å vera skodebrød.
Eg har inga tru på at Israel brått vil dra ut nybyggjarane sine og «gje» palestinarane ein stat berre dei sluttar å vera fullt så islamistiske. Israel ønskjer seg eit statslaust naboland, der innbyggjarane i beste fall får styra landsbyane sjølve, slik dei fekk under den direkte okkupasjonen.
Status no er at Israel er den suverent sterkaste militærmakta, og dei kvir seg ikkje for å visa det. Det er ikkje eit ønskje om å finna nokon slags balanse. Og det kjem til å gå bra, så lenge USA leverer våpen. Det finst ingen Wunderwaffen, ingen militsar som kjem til å stoppa IDF. Ingen skyar av rakettar som får Israel til å tigga om fred. Hizbollah har fleksa rakettane sine og kanskje trudd dei var eit trugsmål. Så viser det seg at heile organisasjonen var meir eller mindre kompromittert, og Israel bombar meir eller mindre livskiten ut av dei. Iran forstår tydelegvis godt kvar dette ber, og har ikkje tenkt å risikera meir enn dei allereie har.
Så lenge USA leverer våpen og diplomatisk assistanse kjem Israel til å kunne bombe-kriga så lenge dei vil. Denne krigen vinn dei på sine premissar. Problemet er etterpå.
Å etnisk reinsa Gaza, Vestbreidda og Sør-Libanon er umogleg. Vel får Israel lov til å bomba relativt hemningslaust, men å deportera 4.8 mill palestinarar, og 1.2 mill libanesarar (så mange som er internt fordrivne no, sist tal eg såg) trur eg ikkje dei kan gjera. Det gjekk å deportera tyskarane frå aust i 1945 (med vestmaktene si velsigning), og å fordriva palestinarar frå Israel i 1948-49, men det er vanskeleg å sleppa unna med noko slikt på kort sikt i dag. Sjølv for Israel. Dessutan er det neppe nok russarar til å fylla opp.
Det kjem til å bu palestinarar i Palestina, og dei vil ikkje finna seg i at draumen om å få bu i ein palestinske stat skal viskast av kartet, enno ein gong. Og dei har stadig mindre å tapa. Det vil heller ikkje palestinarane i Libanon, Jordan og Syria. Korleis dei vil organisera seg, veit eg ikkje. Heller ikkje kva slags ideologi dei kjem til å halda seg med. Eg gissar på at det er ikkje er ein som trur vegen går gjennom rundebordskonferansar og prosessar. Eg er sikker på vi ikkje vil lika det vi får sjå, og at vi kjem til å ta avstand frå det dei gjer.
Med Libanon, eit land i meir eller mindre ruinar (allereie før krigen i haust), fryktar eg ny borgarkrig. Ingenting kunne passa Israel betre.
Syria kjem nok til å passa seg godt. Med Hizbollah ute av dansen, har dei ikkje mykje å gå på, der ein liten alawitt-minoritet skal styra over sunnimuslimar. Dersom Israel svekkjer Assad nok, ligg vegen open for eit nytt opprør. Kanskje ikkje IS, men iallfall neppe noko eigentleg Israel ønskjer (kanskje Saudi).