Tweedjakke
Hi-Fi freak
Vi må tilbake til Borten-regjeringa (Sp) og den svært kortlevde Lyng-regjeringa (28 dagar) for å finna forsvarsministrar som for alvor hadde vore soldatar i krig (Håkon Kyllingmark og Otto Grieg Tidemann, båe frå Høgre). Alv Fostervoll (Ap, Bratteli) var utskriven offiser (korporal?), men hadde ikkje krigserfaring.Har dere sett gjennom flere av våre egne forsvarsministere og deres utdannelse ? Har vel hvert mye rart innom
Går vi lengre tilbake, er det sjølvsagt ein del med motstandserfaring frå krigen. Den mest interessante er kanskje Oscar Torp, som under krigen (frå London) la grunnlaget for etterkrigsforsvaret, trass i at han hadde vore militærnektar på 1920-talet.
I nyare tid har det vel mest vore yrkespolitikarar med eventuell utdanning i "politikarfag" som jus, økonomi og statsvitskap. Ikkje alltid med militær erfaring, men jobben er jo først og fremst å vera eit bindeledd som kan forstå både det forsvarssjefen seier og kva som er politisk mogleg. Faktisk vil eg tru at det kanskje kan vera ein fordel å ikkje ha offisersgrad, eller veldig flammande krigsretorikk?
Eg er, til dømes, ikkje heilt overtydd om at Grams openberre entusiasme for å byggja tanks i Trøndelag, som gjorde at han eklatant overstyrde Forsvarssjefen, nødvendigvis var så klokt her på berget.
Sist redigert: