roeng2
Hi-Fi freak
God jul
Sjekka tilfeldigvis prisane på dei ulike delane til platespelaren . Så får eg heller leve med at han ikkje er så vakker (og at Makkintosken har ein endå feitare spelar)Vis vedlegget 397951
Det vert ikkje lyd utan ei signalkjelde. Her er den eg har prioritert. Utgangspunktet var VPI Super Scoutmaster. Denne er utstyrt med SDS straumforsyning, som transformerer "kvasomhelst" av vekselstraum til dei 120V 60Hz som spelaren er designa for, og som er ein av dei beste beltedrivne systema som er tilgjengeleg (denne "billege" SSM er ikkje lenger i handelen, men du kan få same drivsystemet for dobbel pris dersom du kjøper ein HR-x).
I tillegg la eg ekstra pengar i ein spesialtallerken. Dei standard akryltallerkane som VPI stort sett satsa på den tida då eg var i kjøpemodus var gode, men ikkje heilt utan eigenlyd. Difor leverte dei ei kort periode ein svinetung spesialtallerk som var ekstremt dau. Tung å få i sving, men han skapar meir ro i lydbildet, og får tydeleg fram dynamikk. Det får SSM til å likne litt på dei betre Nottinghamspelarane, ein slags mellomting mellom desse og dei dynamisk glade standard-VPIane. Vel verd pengane, meiner eg.
Då eg skulle pakke ut spelaren, vart eg litt forskrekka. Det var med to svinghjul til motoreininga. Og den eg ikkje hadde bestilt, var litt merkeleg. Her var svinghjulet laga med ein ytterkant som var meint å ha kontakt direkte med platetallerkenen. Dette var vanskeleg å få til, for kom han ørlite for tett på tallerkenen, forplanta det seg motorstøy. Og var han litt for langt i frå, vart det ikkje skikkeleg kontakt. Og skilnaden på desse to ytterpunkta, var berre eit par millimeter... Men så kom det ein konvolutt til meg frå VPI, og den inneheldt ei brun pakning som erstatta den svarte eg hadde opprinneleg. Mykje betre, og lettare å bruke.
Eg var i utgangspunktet ganske fornøgd med armen, JMW 9 Signature. Men han eignar seg ikkje til spesielt mange pickupar - veldig god til Dynavectorpickupar, men håplaus til Denon 103 (som eg er glad i). Det vart difor til at eg skifta arm til ein 12" Kuzma. Eg hadde veldig lyst på den nye 14", men han var for dyr for meg - og så var det ikkje råd å montere han på SSM-spelaren. Skifte spelar etter alt dette styret, gidd eg ikkje.
Kuzma-armen er veldig god, og eg merkar at han både gjer ein betre jobb med pickupane, og også klarar pickupar som gamle JMW 9sig ikkje fiksa. Det er nok til hjelp at armen er tolv tommar lang. Elles er det ein fin arm, med heiltrukken leidning frå pickup til riaakontakter. og utskiftbart pickupshell av eigen Kuzma-standard, som sit som spikra. Einaste tungvinte faktor er at leidningane må takast av pickupen for kvart pickupskift. Det må vere sånn, elles vert det skøyt av desse svært viktige leidningane - kanskje den viktigaste "kabelen" i anlegget....