Ein gong i året produserer Spotify ein lytterapport ("Spotify wrapped"). Eg bruker Spotify i bilen og på kontoret (nett no: Vikingur Ólafsson med Goldbergvariasjonane), og der lyttar eg mest til "små" format. Etter at vi gjekk over til familieabonnement, er stort sett ungane som spelar musikken i bilen når dei sit på.
Det tyder at radio, vinyl og strøyming frå lokalbiblioteket ikkje er med. Heller ikkje passiv lytting til musikk andre styrer (då hadde frankofon chanson-pop vore høgt på lista).
Eg er litt overraska over at postpunk/nyveiv/kunstrock og ambient/artsy elektronika ikkje er på lista, men det er greitt. "Psykedelisk rock" er så og seia utelukkande Grateful Dead.