400–550: folkevandringstid - Norgeshistorie
[h=1]400–550: folkevandringstid[/h] Folkevandringstida har fått namn etter folkegruppene som flytta rundt på det europeiske kontinentet. Det er få skriftlege kjelder som direkte omtalar tilhøve i Skandinavia, men arkeologiske funn viser at vi må sjå utviklinga her i nær samanheng
med resten av Europa. I Noreg deler vi perioden i to, og skiljet kring år 475 fell tett saman med oppløysinga av Vestromarriket.
Den første delen viser kontinuitet frå den føregåande romartida. 300-talet var prega av godt klima for jordbruk, og dette heldt fram utover på 400-talet. Ein kunne no leve på
små gardar i indre dalføre og oppunder fjellet. Ved å utnytte
rike naturressursar rundt seg kunne ein både overleve og byte til seg andre varer.
I den andre delen nådde
høgkvalitetshandverk eit toppunkt, men tida var også prega av
klimatiske kriser og pest (særleg 530- og 540-talet). Mange smågardar vart lagt aude, og folk trekte seg tettare saman på større gardar i gode jordbruksområde.
Krisetidene og dei politiske konfliktane som følgde, må ha gripe djupt inn i livet til kvar enkelt. Mange som flytta på seg, måtte finne nye måtar å overleve på. Sofistikerte handverkstradisjonar døydde ut, og
gravminna vart færre. Kanskje har dei norrøne mytane om fimbulvinter og ragnarok rot i dramatiske hendingar på 500-talet?