Av og til gjer ein feil som er so elementære at det ikkje er til å tru. Eg vert flau. Ein skulle tru eg var ein røynd audiofil. Og det er eg vel forsovidt og, dette har vore hobbyen min i 50 år. Like lenge som Vossajazz, lommekalkulatoren, fargefjernsynet og sveisen til presidenten i Amerika. Men likavel. Eg gjer feil. Eg trøyster meg med at professorane er dei mest ubehjepelege av alle, i alle fall i teikneseriane.
Som eg har fortalt tidlegare, reparatøren har sett griller i hovuda våre. Han har tuta øyrene fulle i Tandberg. Eg byrja med å prøva ut ein Sølvsuper 12, heldt fram med Huldra 9 Mk1 og Mk2, avdi desse har ulike utgangstransistorar, deretter Huldra 11 og 12, og til slutt TR 2060. Me har ikkje publisert nokon konklusjonar, om eg ikkje hugsar feil, og det er ein grunn til det. Som eg snart kjem fram til; må berre halda dykk på pinebenken litt til. Det gjev meg slik ei pirrande kjensle i skadefryden min. I tillegg kjem at slike gamle radioar/forsterkarar, 50 år og eldre, kan endra karakter med åra, alt etter bruk og handsaming. Eit lite brukt apparat kan oppføra seg nesten som nytt, ein godt (mis)brukt apparat kan låte dårlegare. Viktige komponent kan ha endra verdi grunna elde og temperatur. Høg varme, frå apparat som har stått på kontinuerleg på dårleg ventilerte stader, turkar ut komponenta. Til dømes er brum ein typisk indikasjon på uttørka kondensatorar i straumforsyninga. Difor vil eg gjerne prøva ut to apparat av same typen, om eitt ikkje oppfører slik eg har grunn til å tru at det skulle. Og då vert det mykje arbeid. Om dette ikkje er rett oppsummert, skuldar eg på at eg berre har lese Grunnbok i elektronikk for vidaregåande skule. Ikkje alle har det eingong.....
Les hele februardagboka til Stig Arne i Audiophile.no