Attende til start – Stig Arne si dagbok februar 2025

SAD-0225 (1 of 1).jpg


Av og til gjer ein feil som er so elementære at det ikkje er til å tru. Eg vert flau. Ein skulle tru eg var ein røynd audiofil. Og det er eg vel forsovidt og, dette har vore hobbyen min i 50 år. Like lenge som Vossajazz, lommekalkulatoren, fargefjernsynet og sveisen til presidenten i Amerika. Men likavel. Eg gjer feil. Eg trøyster meg med at professorane er dei mest ubehjepelege av alle, i alle fall i teikneseriane.

Som eg har fortalt tidlegare, reparatøren har sett griller i hovuda våre. Han har tuta øyrene fulle i Tandberg. Eg byrja med å prøva ut ein Sølvsuper 12, heldt fram med Huldra 9 Mk1 og Mk2, avdi desse har ulike utgangstransistorar, deretter Huldra 11 og 12, og til slutt TR 2060. Me har ikkje publisert nokon konklusjonar, om eg ikkje hugsar feil, og det er ein grunn til det. Som eg snart kjem fram til; må berre halda dykk på pinebenken litt til. Det gjev meg slik ei pirrande kjensle i skadefryden min. I tillegg kjem at slike gamle radioar/forsterkarar, 50 år og eldre, kan endra karakter med åra, alt etter bruk og handsaming. Eit lite brukt apparat kan oppføra seg nesten som nytt, ein godt (mis)brukt apparat kan låte dårlegare. Viktige komponent kan ha endra verdi grunna elde og temperatur. Høg varme, frå apparat som har stått på kontinuerleg på dårleg ventilerte stader, turkar ut komponenta. Til dømes er brum ein typisk indikasjon på uttørka kondensatorar i straumforsyninga. Difor vil eg gjerne prøva ut to apparat av same typen, om eitt ikkje oppfører slik eg har grunn til å tru at det skulle. Og då vert det mykje arbeid. Om dette ikkje er rett oppsummert, skuldar eg på at eg berre har lese Grunnbok i elektronikk for vidaregåande skule. Ikkje alle har det eingong.....

Les hele februardagboka til Stig Arne i Audiophile.no

SAD-0225 (1 of 17).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.288
Link til alle artikler
489
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Kan du SJÅ lyd? - Stig Arne si dagbok mars 2025

Kan du SJÅ lyd? - Stig Arne si dagbok mars 2025

  • 4
Ikkje for å klaga, men det har vore mykje skriving i det siste. Platemelding, Oslo-messa, februardagboka, Vossa Jazz to reportasjar, og brått er det tid for dagbok att. Og inn i mellom vert ein...
Fortsett
Audiophile.no
Px7 S3 – ny generasjon fra B&W

Px7 S3 – ny generasjon fra B&W

  • 0
I dag har Bowers & Wilkins lansert en ny generasjon for de trådløse hodetelefonene Px7. Og hva er vel mer selvfølgelig enn å kalle enn tredje generasjon for Px7 S3? Vi var invitert til en...
Fortsett
Audiophile.no
Atalante 7 Evo – nytt flaggskip fra Revival Audio

Atalante 7 Evo – nytt flaggskip fra Revival Audio

  • 9
Den franske produsenten Revival Audio har lansert en ny flaggskipmodell i forsiktig HighEnd prisklasse. Atalante 7 Evo overtar plassen øverst på pallen etter Atalante 5. På Hortenmessa i 2023 var...
Fortsett
Audiophile.no
REVOX B77 Mk III Alice Cooper Limited Edition

REVOX B77 Mk III Alice Cooper Limited Edition

  • 29
For et halvår siden lanserte REVOX tredje generasjon av sin legendariske spolebåndopptaker B77. Og for en drøy uke siden kom en Limited Edition, signert av selveste Alice Cooper. Før vi bykser av...
Fortsett
Audiophile.no
Koetsu er tilbake

Koetsu er tilbake

  • 6
Produksjonen av de legendariske Koetsu-PickUpene opphørte for et år siden, da Fumiho Sugano gikk bort. Nå melder Arturo A. Manzan i Analog2Fidelity at de gjenopptar produksjonen av de opprinnelige...
Fortsett
Audiophile.no
Vossa Jazz 2025 - laurdag og sundag

Vossa Jazz 2025 - laurdag og sundag

  • 0
Laurdagskvelden kl. 6 hender det me alle ser fram til: Tingingsverket. Scenen er Vossasalen på Park Hotel som tek inntil seks hundre sittande menneskje. Tingingsverket: Kjetil Møster Eg kom som...
Fortsett
Topp Bunn