Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.701
    Antall liker
    7.945
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Fann dette fotoet av fyrste "seriøse" anlegget mitt, etter koñfirmantanlegget. Dette var
    Bose 901 mk ll høgtalarar . (9 like høgtalarelement der eitt peikar mot lyttar, og resten bakover for å skape romoppleviing. Spennande konstruksjon også i dag, men ganske speseiell. Må stå ca 1m frå bakvegg, og treng aktiv equalizer (nederste hylla i racket, heilt til høgre)

    Ved sida av Bose-equalizeren står ein DBX 122 støyreduksjon. Denne var eg begeistra for heilt til "astmaanfalla" systemet hadde vart for irriterande. Men bandsuset forsvann.

    Kassettspelaren var det nest største beistet frå Akai, GXC 760D. Fantastisk, med berre litt svak bassattgjeving og opptak. Alt anna var storarta, og kunne samanliknast med Nakamichi (tykte eg den gongen)

    Forsterkaren var ein Technics SU 80A, japansk modell, direkteimportert frå Japan. Eg trudde eg bestilte den europeiske versjonen SU8080A, men den var ikkje tilgjengeleg, så dei sende meg denne. Gadd sjølvsagt ikkje returnere til Japan, så det vart til at eg kjøpte ein trafo og fekk nokonlunde rett spenning.....

    Platespelaren var (Sjølvsagt) ein Technics. Eg tok SL 1500, som var heilmanuell. Det var både heil (SL 1300) og halv (SL1400) automatikk, men eg såg ikkje behov for det. Like god som SL 1200, nesten identisk, men ikkje så robust kanskje.
    Pickupane sine innverknadar på lyden vart eg umiddelbart klar over. Gjekk frå standardpickupen (hugsar ikkje) til Micro Acoustic 2002, deretter Micro Acoustic 530 (toppmodellen), men fekk så høyre Denon DL 103D, som eg hadde til han var utsliten. Vidare brukte eg Accuphase AC 1, som eg har endå. MC-forsterkarar hadde eg mange innom, men på dette biletet hadde eg berre MM.
    20240419_102153.jpg
     
    Sist redigert:

    Sluket

    Sivilaudiofil og Master Baiter
    Ble medlem
    11.08.2006
    Innlegg
    55.510
    Antall liker
    102.794
    Torget vurderinger
    23
    Jeg kan trøste deg med at jeg har også eid Bose 901, som 16 åring! Den gang Bose var coole saker.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.701
    Antall liker
    7.945
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Vis vedlegget 397951
    Det vert ikkje lyd utan ei signalkjelde. Her er den eg har prioritert. Utgangspunktet var VPI Super Scoutmaster. Denne er utstyrt med SDS straumforsyning, som transformerer "kvasomhelst" av vekselstraum til dei 120V 60Hz som spelaren er designa for, og som er ein av dei beste beltedrivne systema som er tilgjengeleg (denne "billege" SSM er ikkje lenger i handelen, men du kan få same drivsystemet for dobbel pris dersom du kjøper ein HR-x).

    I tillegg la eg ekstra pengar i ein spesialtallerken. Dei standard akryltallerkane som VPI stort sett satsa på den tida då eg var i kjøpemodus var gode, men ikkje heilt utan eigenlyd. Difor leverte dei ei kort periode ein svinetung spesialtallerk som var ekstremt dau. Tung å få i sving, men han skapar meir ro i lydbildet, og får tydeleg fram dynamikk. Det får SSM til å likne litt på dei betre Nottinghamspelarane, ein slags mellomting mellom desse og dei dynamisk glade standard-VPIane. Vel verd pengane, meiner eg.

    Då eg skulle pakke ut spelaren, vart eg litt forskrekka. Det var med to svinghjul til motoreininga. Og den eg ikkje hadde bestilt, var litt merkeleg. Her var svinghjulet laga med ein ytterkant som var meint å ha kontakt direkte med platetallerkenen. Dette var vanskeleg å få til, for kom han ørlite for tett på tallerkenen, forplanta det seg motorstøy. Og var han litt for langt i frå, vart det ikkje skikkeleg kontakt. Og skilnaden på desse to ytterpunkta, var berre eit par millimeter... Men så kom det ein konvolutt til meg frå VPI, og den inneheldt ei brun pakning som erstatta den svarte eg hadde opprinneleg. Mykje betre, og lettare å bruke.

    Eg var i utgangspunktet ganske fornøgd med armen, JMW 9 Signature. Men han eignar seg ikkje til spesielt mange pickupar - veldig god til Dynavectorpickupar, men håplaus til Denon 103 (som eg er glad i). Det vart difor til at eg skifta arm til ein 12" Kuzma. Eg hadde veldig lyst på den nye 14", men han var for dyr for meg - og så var det ikkje råd å montere han på SSM-spelaren. Skifte spelar etter alt dette styret, gidd eg ikkje.
    Kuzma-armen er veldig god, og eg merkar at han både gjer ein betre jobb med pickupane, og også klarar pickupar som gamle JMW 9sig ikkje fiksa. Det er nok til hjelp at armen er tolv tommar lang. Elles er det ein fin arm, med heiltrukken leidning frå pickup til riaakontakter. og utskiftbart pickupshell av eigen Kuzma-standard, som sit som spikra. Einaste tungvinte faktor er at leidningane må takast av pickupen for kvart pickupskift. Det må vere sånn, elles vert det skøyt av desse svært viktige leidningane - kanskje den viktigaste "kabelen" i anlegget....
    Sjekka tilfeldigvis prisane på dei ulike delane til platespelaren . Så får eg heller leve med at han ikkje er så vakker (og at Makkintosken har ein endå feitare spelar)
     

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    8.954
    Antall liker
    28.018
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    2
    760D var/er veldig fin!
    Jeg husker Solberg Hi Fi i Sarpsborg kjøpte opp restlageret av 760'er fra importør, det var så mange at det ikke var plass på lageret, så det stod høye stabler inne i butikken også. Gikk for en grei pris, og alle ble borte, overraskende fort. Hadde vært morsomt å ha en 760 i dag. 🙂

    Akai GXC 760D.jpg


    /Morten
     

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    8.954
    Antall liker
    28.018
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    2
    Det stemmer bra Arve, 570 var drømmespilleren. Stod og lekte med den luka mer enn én gang, i butikken. 😊.

    Uansett, den var for dyr, og det hadde 760 også vært, ikke hadde den dukket opp ennå heller.

    Jeg blåste alle konfirmasjonspengene på en GXC 510D.
    Den lever ennå, såvidt jeg vet, hos en kompis. 😄

    0E2B895A-15E5-424B-90B7-5439712206C9.jpeg


    /Morten
     
    Sist redigert:
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn