Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    No har eg omsett det som eg trur er den beste riaaen eg nokon gong har drøymt om å eige. Min Kjære EAT - e - glo kryssa fylkesgrensa, og eg har eigentleg ikkje funne erstattar.
    Det var ikkje utan sorg og nøling eg gjekk til dette skrittet. Det gjer meg noko avstumpa som pickup-testar. Eg kjem no til å bruke pickupar rett inn i ARC SP 10. Denne gamle forforsterkaren frå tida då alle forforsterkarar hadde platespelarinngang, var den fyrste amerikanskje forforsterkar som tok omsyn til at det var kome MC-pickupar på marknaden, og greier ta inn svært mange slike, heilt ned i 0,2-0,3 mV, men likar best å ha litt meir. Med 0,6 mV fungerer ting perfekt. SP 10 har også justering av inngangen frå fem ulike lastar. 3, 30 100 10k og 47kOhm. Dette er til stor hjelp, men no får eg ikkje optimalisert Kiseki Blue, som skal ha 400 Ohm. Det let likevel flott på 100 Ohm, og 1K/47k er kanskje endå meir distinkt .
    Men kva pickupar ville sentralmedlemene råde meg til å sjekke ut?
     
    Sist redigert:

    WayAhead

    Æresmedlem
    Ble medlem
    27.12.2017
    Innlegg
    14.625
    Antall liker
    3.439
    Sted
    Sky No Limit....
    Torget vurderinger
    0
    Skjønnskrift er best, penest og klart raskest å bruke om man skal notere raskt. Bruker fortsatt skjønnskrift ved spesielle høve som gavekort, hilsner og andre spesielle anledninger, og som nevnt raske notater.

    Men i mitt livslange tekniske virke har ren teknisk formskrift blitt normalen ved formidling av det meste av denne typen håndverk for komabilitetens skyld.
     
    Sist redigert:

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Skjønnskrift er best, penest og klart raskest å bruke om man skal notere raskt. Bruker fortsatt skjønnskrift ved spesielle høve som gavekort, hilsner og andre spesielle anledninger, og som nevnt raske notater.

    Men i mitt livslange tekniske virke har ren teknisk formskrift blitt normalen ved formidling av det meste av denne typen håndverk for komabilitetens skyld.
    Det kjem til å verte mindre lykkjeskrift i framtida. For krevjande å lære seg, og norskfaget er for fullt av anna som må lærast. Sjølv har eg større sans for touch-metoden, og digital tekstskriving. Estetikk og funksjonalitet kan vere i konflikt, er eg redd. Men når tekstane er produserte digitalt, kan ein heldigvis få ting slik ein vil. Vi har mange omsyn å ta, til dømes til dyslektikarar. Fleire fontar er tunge å lese om du har dysleksi, og då er det greit å ta vekk iallfall ei hindring. Eg kjenner fleire lærarar som legg mykje vekt på det estetiske. Men når kvelden kjem, er det produksjonen av lesbar tekst som er avgjerande.

    Eg sleit fælt då eg gjekk i barneskulen. Eg var under regimet til ein skuleinspektør av den gamle sorten, som ville binde venstrehanda mi. Slik ville eg lære å bruke "rette" handa til skriving. Mor mi protesterte. Har såleis fokusert litt på dette gjennom lærarjobben opp gjennom åra. Det er teknikkar som kan vere til hjelp for venstehendte, men det er tungt å få det inn. Når det gjeld gitarspel, lærer eg venstrehendte å spele "normalt". Livet vert enklare då (spelte i band med ein venstrehendt gitarist som måtte ta ein Jimi, og som diskvalifiserte han i å låne andre sine gitarar)

    Elles meiner eg lesing, særleg opplevingslesing er urovekkjande svekka til fordel for leitelesing. Dette er viktigare å fokusere på, spesielt på småskule- og mellomsteget. Det skjer noko med fantasien no, når elevane sin evne til å lage "eigen film i hovudet" svekkjest i takt med auka skjermbruk.
     

    WayAhead

    Æresmedlem
    Ble medlem
    27.12.2017
    Innlegg
    14.625
    Antall liker
    3.439
    Sted
    Sky No Limit....
    Torget vurderinger
    0
    Good sayin´

    Hadde i grunnen ingen ide om å foreslå å "gjeninnføre" skjønnskrift og ser helt klart poengene dine i så måte men for egen del klarer jeg nær å kunne skrive ned hva folk sier real time med, da får en kalle det løkkekladd og man må naturligvis reskrive det hele med mindre det kun er til innvortes bruk. Kompletterte gjerne med små tegninger og symboler innimellom for å henge med. Kun jeg forstår dette da.

    Bruker nok tastaturet et sted mellom 99.99 og 100,01% av tiden nå men som nevnt tidligere, hilsner, personlige brev og gaver skriver jeg med skjønnskrift akapella.

    Moderen viste seg å ha tatt vare på "skrivebøkene" med hjelpelinjer fra læretiden med skjønnskrift - og - det er en pen skrift ja...
     
    Sist redigert:

    xerxes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    08.01.2005
    Innlegg
    9.630
    Antall liker
    5.276
    Sted
    Holmestrand
    Det kjem til å verte mindre lykkjeskrift i framtida. For krevjande å lære seg, og norskfaget er for fullt av anna som må lærast. Sjølv har eg større sans for touch-metoden, og digital tekstskriving. Estetikk og funksjonalitet kan vere i konflikt, er eg redd. Men når tekstane er produserte digitalt, kan ein heldigvis få ting slik ein vil. Vi har mange omsyn å ta, til dømes til dyslektikarar. Fleire fontar er tunge å lese om du har dysleksi, og då er det greit å ta vekk iallfall ei hindring. Eg kjenner fleire lærarar som legg mykje vekt på det estetiske. Men når kvelden kjem, er det produksjonen av lesbar tekst som er avgjerande.

    Eg sleit fælt då eg gjekk i barneskulen. Eg var under regimet til ein skuleinspektør av den gamle sorten, som ville binde venstrehanda mi. Slik ville eg lære å bruke "rette" handa til skriving. Mor mi protesterte. Har såleis fokusert litt på dette gjennom lærarjobben opp gjennom åra. Det er teknikkar som kan vere til hjelp for venstehendte, men det er tungt å få det inn. Når det gjeld gitarspel, lærer eg venstrehendte å spele "normalt". Livet vert enklare då (spelte i band med ein venstrehendt gitarist som måtte ta ein Jimi, og som diskvalifiserte han i å låne andre sine gitarar)

    Elles meiner eg lesing, særleg opplevingslesing er urovekkjande svekka til fordel for leitelesing. Dette er viktigare å fokusere på, spesielt på småskule- og mellomsteget. Det skjer noko med fantasien no, når elevane sin evne til å lage "eigen film i hovudet" svekkjest i takt med auka skjermbruk.
    Her har du garantert både mer kunnskap og ikke minst forståelse enn de fleste av oss.

    Nå er jeg en forherdet IT-arbeider osm har hatt IT som altoppslukende del av arbeidet (og livet i det store og hele) i over 40 år, så du kan trygt si jeg er digitalisert.
    • Jeg mener og tror like vel at fokuset på IT i skolen i dag er sterkt overderevet.
    • Du peker på det du kaller letelesing, og at det svekker leseevne (og forståelse?). Godt poeng.
    • Jeg tror også at fokuset lett blir fragmentert. Det er ekstremt lett å bli distrahert på IT-plattform.
    • Da jeg fikk den første laptopen (i 1989 )begynte jeg å ta notater på den, men det måtte jeg gi opp. Nettopp pga fokus.
    • Føler at korttidsminnet blir dårligere. Jeg fått bekreftet av flere kolleger at de deler dette inntrykket.

    Her, nok en gang mener og tror jeg, at papir og blyant fortsatt har en stor betydning.
    Med andre ord, skriving burde ha en stor og vesentlig plass også i dagens og framtidens skole.
    Gjerne skjønnskrift, selv om jeg lærte formskrift.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Høyrer på Billy Joel for tida, med Kiseki blue som avtastar. Det slo meg at "Piano man" berre var sånn passeleg, medan "An Innocent man" har skikkeleg lyd. Slagverket vert formidla på ein svært truverdig måte, små-perkusjon på same vis. Pianoet, bassgitaren er sjølvsagt skikkeleg, men eg har ikkje registert at han overdriv romklangen på vokalen før no. Ikkje det at det skjemmer på noko vis, snarare tvert om, men eg har ikkje vore medviten om dette før eg prøvde plata med Kisekien....
    Skulle vore moro å prøve Purple Heart også, men det får vere ein annan gong. Skjønar godt at dei ikkje har demo-utgåve av denne pickupen med pris over 30 kilokroner. Han er for dyr til at eg prioriterer eit innkjøp av katt utan å ha sjekka sekken først....men no har eg altså fått veldig sans for Kiseki Blå, som spelar heilt etter min smak, og som dessutan passar veldig godt i anlegget mitt, Armresonans er grei, og han klarer seg rett inn på platespelarinngongan på min gamle SP 10. Eigentleg ikkje så mykje å stusse på.
    Det vert nok til at eg endrar referanse når det gjeld pickup frå Audio Technica AT33SA til Kiseki Blue. Så då vert testpickupen ikkje returnert.....
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Dotter mi held på å etablere seg, og i den samanheng etterlyste ho rådgjeving på platespelarfronten. Ettersom eg i den samanheng opplevde at eg hadde lukkast med oppsedinga, tok eg til å tråle marknaden, og tenkte at her måtte vi ha akkurat rette tingen:
    - ein spelar som var god nok til å vekse med, som ikkje var for dyr.
    - enkel justering - det tek tid å opparbeide 45 år erfaring med platespelarar. Så aller helst ein sak der du slepp dille med kompromiss og handverkstiltak. Ein tangentialarm ville vere ideelt for å sleppe anti-skating. M
    - Automatisk spelar, slik at ho slepp unødig plateslitasje, og ikkje treng å finsikte pickupen i rilla.
    - spelaren må dessutan vere skikkeleg god. Det kan hende eg kjem på besøk, og då må eg ikkje irritere meg over lydkvaliteten.

    Valet fall på ein Pioneer PL-L. 1000. Han står no og spelar i referanseanlegget.
    kanskje eg burde skrive ein artikkel?
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Fyrst må det spelast på Kiseki-pickupen. Det verkar som det skjer meir etter dei fyrste 30 timane. Eg sette på litt Mozart/Dvorak kammermusikk, og det let svært bra, trass i at det var eit opptak som berre var "heilt greitt". Så var det ei økt med Genesis "We cant dance", og trass i litt sær miksing, let det utruleg bra. Det er ei markering (nei, ikkje nødvendigvis heving) av 40 Hz-området, slik at basstromme og --gitar får tydleagae syne kva som skjer.
    Innimellom prøver eg kontrollytting på Pioneer PL L 1000, og vert smerteleg klar over kor mykje meir det er å hente når ein spanderer på seg noko dyrare. Seinare skal eg sette Kisekien på PL-L.1000 og sjå kor mykje av godlyden som også formidlast på ein 40 år gammal japanar til ein brøkdel av kostnaden til min VPI/Kuzma når ein har ein ARC SP 10 til å forsterke signalet.
    Kan bli interessant.
     

    tkr

    Æresmedlem
    Ble medlem
    27.03.2007
    Innlegg
    20.539
    Antall liker
    27.477
    Sted
    Nede i fjæresteinene
    Torget vurderinger
    2
    Synes du burde teste ut noen 40 år gamle pickuper når du først er i gang. Du vil kanskje bli overrasket hvor gode de kan være.

    Mvh
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Hr du fått fleire spennande pickupar som du kan tenke deg å låne vekk? Det er alltid moro å teste pickupar, men overraskingar over 40-åringar vert det nok få av. Eg har eit tylft slike.... som iallfall er 30 år gamle. Av desse likar eg spesielt godt Shure V15mk II, Denon DL103, Grace F9, Accuphase AC 1 og Yamaha MC 7. Av nyare dato har eg både Clearaudio, Grado, i tillegg til nokre flotte Audio Technica MC-pickupar, der den nyaste, AT33SA er den beste. Frå 90-talet har eg ein MM, AT ML170, men her har det ikkje lukkast å få tak i ny stift til, eg jobbar med saken...
    Men sjølv om det hadde vore interessant, er eg no avskoren frå å gjere skikkelege testar med det eg likar aller best; MC-pickupar med output lågare enn 0,2 mV. Pickupar som har impedanse som ikkje passar til ARC SP10 sine 3, 30, 100, 1000 og 47kOm må også finne seg i at eg brukar ein av desse innstillingane. Så dei fantastiske tinga frå Fidelity Research, Ikeda, Audio Note og liknande, får eg nesten avstå frå å bruke.
     

    tkr

    Æresmedlem
    Ble medlem
    27.03.2007
    Innlegg
    20.539
    Antall liker
    27.477
    Sted
    Nede i fjæresteinene
    Torget vurderinger
    2
    Vel, siden du spør, så har jeg en veldig interessant FR Mc-44 liggende.....0,2 mV ut..... 🙄

    mvh
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Slik ser anlegget ut i dag, frå si verste side (innsida, bak høgtalaren
    1. VPI SSM med tung tallerken, Kuzma 313 Referecearm og Kiseki Blå, med ein del vinylgarnityr tilfeldig plassert.
    2. ARC SP 10
    3. Sonos-dings
    4. Oppo 105 sølvplatespelar og DAK
    5. Pioneer PL L 1000
    6 MBL 101 til venstre
    7. Vera 400/1000 i framgrunnen
    8. Straumforsyning til platespelar, SP 10 og sånt.
    IMGP2753.JPG
     

    BangBang

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    25.03.2005
    Innlegg
    7.301
    Antall liker
    4.908
    Sted
    Okka by
    Torget vurderinger
    7
    Er det gjort noen endringer i anlegget siden bildet førsteinnnlegget? 😎
     

    Bolinder

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    17.08.2008
    Innlegg
    608
    Antall liker
    260
    Torget vurderinger
    1
    Måtte slå opp "fisle" i nynorskordboka. Send meg en PM hvis du er interessert.

    mvh
    Du skal sjå Audiophile-Arve gjer deg til eit kulturmenneskje... No kan det henda du var det frå før og, for alt eg veit.
     

    rotecop

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    27.10.2006
    Innlegg
    1.132
    Antall liker
    937
    Torget vurderinger
    2
    Hei Arve
    Angåede Kiseki Purpleheart. Selfølgelig ikke ment som noe press. Men sto litt i samme situasjon selv. Jeg konkluderet i midlertid at det ble den siste gode PU jeg kom til å kjøpe. I denne klassen. Så tok sjansen på 10lapper til opp til Purpleheart. Jeg anger ikke et øyeblikk. Maken til 3D?
    Tror faktisk at med ditt system, du ville hatt samme glede av forskjellen et hakk opp i kvalitet. Litt synd at ikke importør har et låne produkt til deg på dette. Men jeg forstår Audiaktøren. De selger nok alle Purpleheart de får inn før det blir støv på hylla, eller får den inn på noen hylle. Agent eller produsent burde selfølgelig hatt et ex til disp for testing. Men Norge er vel ikke potensialet for storsalg av pu til 25tusen store. Hadde det ikke vært for at min spiller er så utrolig langdrøy å justere inn. Så hadde jeg tilbudt deg å låne min.
    Det enste jeg faktisk kan tylby deg. Er å låne min EAR 834p RIAA. Med trafo på MC så ligger motstand på ca 400ohm. Jeg har hørt SP10 på mitten av 80-tallet. Men har ingen erindring hvordan den faktisk låter via riaa. Husker bare at det var en utrolig bra preamp. Som lå langt utenfor mine drømmer. Har ingen aning om EAR er i samme liga. Men du kan prøve om du vil. Bare jeg får den hjem til Jul :)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Tusen takk! No har eg alt bestemt meg for å gå for den blå og "billege", så det er strengt tatt unødvendig å prøve purpurhjartet før blåmann er innspelt skikkeleg.
    Eg har også lyst til å prøve fleire pickupar, og må då ha litt på lur i tilfelle eg berre vert nøydd til å kjøpe ein til.
    EAR 834 er ein av dei aller beste riaatrinna på marknaden, men eg har ikkje kapasitet til å prøve han i mitt noverande oppsett før jul. Eg har også fått låne ein spennande pickup eg skal prøve ut no, så vi får heller komme attende til dette seinare. Men igjen, tusen takk for tilbodet.
    SP 10 er heilt spesiell. Når ein pickup fungerer med dei 8 røra som forsterkar pickupsignalet før linjedelen, er han akkurat det som eg har bruk for. Ved å køyre 1K-innstilling går det veldig bra med Blåmann. Får han berre 100 Ohm vert han ørlite mindre dynamisk, så 1K er der han står.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Synes du burde teste ut noen 40 år gamle pickuper når du først er i gang. Du vil kanskje bli overrasket hvor gode de kan være.

    Mvh
    Då tek eg til å nærme meg nokre konklusjonar over ein Fidelity Research MC44. Ganske annleis enn den Ikeda-designa FR 201, som er ein av mine favorittar, når ein berre har riaa med nok gain. MC44 høyrest ganske moderne ut. FR 201 var ganske unik på perspektivfeltet, og det er vel på dette feltet MC44 syner slektskap, trass alt. Det gjekk flott med klassisk musikk av alle slag, og spesielt symfoniar og denslags. Eg har også gjort direkte samanlikningar mellom to spelarar, min referansespelar med Kiseki Blå påmontert, og ein Pioneer PL L1000 med MC44 i tangentialarmen. Kisekien stikk nok av med fyrsteplassen, men du verda, kor moro det også kan vere med ein 40 år gammal tangentiaramspelar når berre pickupen er skikkeleg...
    Har hatt "senilveke" på jobben. Bergensturen rauk og det har ikkje vore ver til å arbeide ute noko særleg, så det har vore råd å danne seg eit godt inntrykk av MC 44. Heilt annleis enn FR 201, som sagt, men ikkje nødvendigvis dårlegare/betre. Massevis av detaljar, utan å plukke opp rillestøy å snakke om, svært god på "holografiske" prestasjonar, heilt på høgd med 201, men annleis, kanskje betre dynamikk? Bassen er spennande, teiknar Supertrampbassinga og basstrommer veldig godt, men kontrollert, og ikkje heilt same eksplosjonskraft i anslaget og den heilt rå botnen. Men ein flott pickup som det vil vere problem å finne avløysar på i dag, om ein ikkje brukar mykje kronasje. Eg rigga anlegget slik at eg kunne gjere direkte samanlikning med Kiseki Blue i riggen min, og MC44 i tangentialarmen på Pioneerspelaren, og eg skal love deg at han ikkje skjemmer seg ut - ein kan av og til lure på kvifor ein rigg må koste 100 kilokroner i dag, når ein kan få så mykje godlyd ut av eit 40 år gammalt oppsett....
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Tenkjer på å oppgradere anlegget endå meir. Men korleis?
    No brukar eg SP 10 i eit ganske tradisjonelt oppsett. Brutalt mykje gain når eg spelar anna enn MC-pickupar. Og litt lite familievennleg når kostbare pickupar skal i sving. Dessutan kvider mange seg for å kveike opp rørforsterkaren, og vente dei minutta som skal til før SP10 er stabil. Oppo 105 er vel heller ikkje up-to-date, kunne eg merke då eg prøvde Matrix. Ein DAK er vel på sin plass etter kvart.
    Eg spekulerer på om eg skal prøve ut eit oppsett der eg tek i bruk Nettbutikkprodukta her på sentralen. Ved å bruke Topping A 90 til forforsterkar, kan eg ta ut det digitale signalet frå Oppoen på den eine inngangen, og det analoge frå SP 10 på den andre. Så kan Oppo og dei digitale kjeldene spele gjennom ny konvertar, medan SP10 og vinylen får vere i fred. Tippar A og D 90 ikkje fargar lyden i nemneverdig grad, så vi får sjå... Det skal dessutan verte spennande å prøve D90. Eg treng eksperimentere litt med DAKkar. Det er berre Matrix som er verd å nemne av dei som har fått vere på heimebesøk i Audiophile-stova så langt
     

    alphamale

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    13.11.2007
    Innlegg
    5.648
    Antall liker
    4.066
    Sted
    Kjeppjaga nordlending i asyl ved ring 3
    Svaret til det er Trinnov............
    I form av Amethyst med dac og volumkontroll, eller ST2 om om du kun ønsker optimizer.
    Jeg har aldri hørt om noen som har testet Trinnov hjemme som har levert den tilbake😎
     

    Fosse

    Æresmedlem
    Ble medlem
    19.08.2003
    Innlegg
    11.420
    Antall liker
    25.777
    Torget vurderinger
    24
    Er det et alternativ med inngangsvelger på effekttrinnet? Jeg har tenkt Accuphase effekttrinn i TV-stua med den hensikt å kunne kjører dac med volumkontroll i den ene inngangen, rørpre med riaa i den andre. Da vil man i praksis kunne ha to ulike oppsett i ett.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Eg har alt bestemt meg for å bruke Vera effektforsterkar. Dette var mykje for pengane, så eg orkar ikkje bruke energi på å ombestemme meg ein gong til. Og så må du ha eit effekttrinn med inngangsveljar. Eg kjenner ikkje slike. Men kanskje det er behov? Eller løysast dette ved å ha ein allsidig forforsterkar med tilstrekkjeleg mange inngangar.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då er Topping-boksane komne på plass i Audiophile-stova. Fyrste oppgåve er å sjå om eg får til det som er intensjonen, å få skapeleg, brukarvennleg lyd for familen utan at det går ut over kvaliteten på vinylavspelinga. Eg har rigga signalet frå SP 10 inn i analoginngangen på A90. Så har eg tatt Sonos optisk signal inn i D90, og derifrå til A90. Frå A90 går signalet rett inn i Vera 400/1000. Bortsett frå eit lite gain-sjokk med volumknappane skrudde noko høgt, har det vore smertefritt.
    Raskt lytteinntrykk er at det må jobbast med SP 10. Eg må prøve ut "hot rod"-metoden, der ein tek signalet frå Tape Out rett inn i A90, og hoppar over linjedelen til SP 10. Dette vil sannsynlegvis redusere noko av farginga av lyden.
    Elles er eg forbausa over den lydlege kvaliteten på kombinasjonen Spotify-Sonos-Topping-Vera-MBL. Det er både valdsam bass, massevis av luft og i det heile akseptabel nøytralitet over det heile. Men det kan vere fordi det er onsdagskveld - eg lyttar best om helgemorgonane.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då avsluttar eg onsdagskvelden si speletid med Spotify. Det ser ut som A+D 90 frå Topping fungerer svært tilfredsstillande lydmessig. Dynamisk trøkk, veldig greitt med så mykje luft mellom instrumenta når ein spelar såpass støymete. Men det er små boksar, knotete å jobbe med, sjølv om lyden av strøymeteneste er god. Vinyljobbing i helga, tenkjer eg, der er eg ikkje fornøgd endå - og så må eg sjå om eg får til å køyre SACD-platene gjennom D 90 på ein eller annan måte. Eg er redd det ikkje går, så då må eg gjere ei vurdering om eg skal avgrense meg til å spele berre hybridplatene sine CD-lag. Litt trist, men eg kan nøye meg med 5.1-anlegget om eg absolutt skal høyre desse platene.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Torsdagskvelden gjekk med til å rigge eit prøveoppsett der A90 fekk boltre seg som forforsterkar, med digitale signalkjelder via D90. Det eg likte veldig godt (ved sida av den rause bassattgjevinga) var nedtoninga av storleiken på ein del instrument der oppmikinga har vore gjort etter king-kong-metoden. Jau då, det går godt an å spele digitalt, og i kveld føler eg at det ikkje er nødvendig å kveike opp platespelarane.
    A 90 er ein svært hyggjeleg samarbeidspartnar for Vera 400/1000, og D 90 er nok langt betre enn det tilsvarande som er innebygd i Oppo 105D.
    Neste utfordring vert å bruke fjernkontrollen fornuftig. Og så må eg hot-rod-rigge SP 10. Vi får sjå kva eg får til i helga.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.682
    Antall liker
    7.922
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det har vore vurdert, og det vart også demonstrert for meg då eg fekk høyre 101 med Stereofil. Veldig bra, noko eg forventa til den aktuelle prisen. Eg enda likevel opp med ASR, av fleire grunnar. Pris var ein av dei. Bassattgjevinga via ASR stod ikkje attende, og så hadde eg plass til 4 kolli ASR, medan dei aktuelle MBL-forsterkarane ville fylle opp endå meir i stova. Så synes eg det ligg litt sport å finne ting som matchar, utan å gå slavisk etter merke. Det eg fann ut:
    Copland CTA 520 med ca 200 W hadde flotte lydlege eigenskapar, bortsett frå ikkje same bassgrepet som dei andre alternativa, og litt for lite grep
    NuForce toppmodellane var litt for "formelle", og hadde veldig korrekt attgjeving (spesielt i bassen), men var litt kjedelege og kanskje litt for svake straummessig
    W4S sine klasse D monoblokker på 1,2 kW/kanal spelte sinnsjukt høgt, men hadde ein klangfarging eg ikkje kunne leve med.
    Manley Neoclassic 500 var kanskje det beste eg hadde oppkopla, men litt for varm (prøvde dei i sommarvarmen), og kostbar å skifte rør på.
    Så har eg prøvd andre ting etter at eg hadde bestemt meg, men det som fekk meg til å skifte ut ASRen var då eg høyrde Vera 400/1000. Prøvde dei også som brukopla monoblokker, noko som spelte avsindig høgt, så det vart for meg og mi 41m2 audiophilestover aldeles overkill. Eg enda med å bruke rør forforsterkaren eg kjøpte attende i 1986, og 1 stk Vera 400/1000. Kunne tenke meg å prøve dei nye Vera i monoblokkmode, men har ikkje prioritert dette, då eg rett og slett ikkje trur eg treng det.
    No jobbar eg med å finne ei "kvardagsløysing", der eg akkurat no eksperimenterer med D90 som konverter der eg tek inn strøymeteneste CD og sånt, innkopla i ein A90 forforsterkar der eg kan bruke ARC SP10 til vinylen. Det høyrest så langt lovande ut, men eg er ikkje heilt fornøgd endå. Vi får sjå.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn