1. VPI har en, den koster en del mindre enn Clearaudio sin, spørsmålet er bare om den er universell, eller utelukkende passer VPI-tallerkener.
2. Ellers finnes det jo spillere som reduserer problemet ved å ha en forhøyning inn ved spindelen og en konkav platestrammer (som min Orbe).
1. Clearaudio verkar utmerka, og kan nok brukast ganske generelt (berre platetallerkenen har mindre diameter enn vinylplata). VPI passar berre visse (dei nyare og ikkje Scout) VPI-spelarar. Den tredje eg har prøvd, var utstyr på Kenwood L-07D (sikkert den aller fyrste spelaren med sånt utstyr), og etter det eg hugsar, burde han kunne brukast på lik linje med Clearaudio - litt dillete å sentrere ved hjelp av mal, men godt fungerande.
Skal du lage sjølv, må du finne ein lur måte å sentrere på. Skeiv vekt og/eller feil diameter vil nok kunne vere eit problem.
2. Ja, eg har prøvd å gjere nokre grep på dette tidlegare. Eg brukte ein Michell platestrammar -ein sånn du strammar fast til senterspindelen (fann også ein som hadde hol til senterspindelen, men som la vekta i ytterkanten av platestrammaren, om lag ved ytterkanten av labelen på plata. Denne funka best til min dåverande Technics SL 1000 II, men kosta såpass mykje at eg ikkje slo til - hugsar diverre ikkje merket). Eg kjøpte så ei PlatterMatter gummimatte (akkurat lik Oracle-matta på den tida) som var svakt konkav.
Så tok eg to tiøringar og bora hol i desse, og plasserte dei over senterspindelen. Når eg no skrudde fast plata, vart lyden generelt betre, og plater med ørlite kast i, vart spelbare. Men verkeleg skeive skiver var framleis ubrukelege, sjølv med tangentialarm. Etter å ha leika meg nokre månadar med dette, fann eg ut at lydkvaliteten var best med berre ein tiøring. Så såg eg bort frå dei skeive platene, som berre kan spelast med platekrans.