Audiophile-Arve
Æresmedlem
Settinga har alt å seie. iStort sett er klasse-settinga slik at vi har eit "hoff" med klakkørar som gjev taus (velvel) støtte til utagerande åtferd, medan det i praksi går mykje betre når lærar (evt rektor eller inspektør) snakkar med eleven under fire auge. I laupet av snart 27 år som lærar, har eg nesten ingen opplevingar der eleven har vore uråd å snakke med på tomannshand.
Vi har ein masse krampaktig forskning som syner at klassestorleik ikkje har noko å seie for skuleresultata. Dette vert brukt som argument for store klassar oog lite ressursar. Men eg trur alle skjønar at det er lettare å disiplinere 10 enn 30 elevar. Behovet for disiplin er dessutan mindre når gruppa er lita (om nokre av 10 elevar "gløymer seg" med småprat, gløymer å rette opp handa el.l., vert uropotensialet langt mindre enn om det er i eit like stort klasserom (typisk standardisert til 60 m2) med 30.( Uro aukar dessutan med mindre avstand til medeleven. Og standardstorleiken vart fastsett i ei tid då datamaskiner, klasseromsbibliotek og arbeidsstasjonar ikkje var aktuelt. )
Eg trur det er svært få menneske som fortener nedsettande kategorisering som "krapyl", "avskum", "idiot" og liknande. Det er eit spørsmål om setting. Og sjølvbilde. Når eit ungt menneske får tilstrekkjeleg mange beskjedar om kven dei er, endar dei med å tru på det.