Der er vel ein del inspirasjon å hente i ferdige produkt. Fordelen med å få det laga etter eiga oppskrift er jo at ein kan skreddersy det etter dei høgtalarane ein skal bruke dei til både designmessig og teknisk. Eit forslag er at fotavtrykket til høgtalaren går igjen i topp og botn med litt forskjellig størrelse. Toppplate litt mindre enn høgtalar, søyle litt mindre og botnplate litt større en ht. Ein vil då kunne "jorde" hjørna på ht. Men der er vel fleire skular når det gjeld ht-stativ. Mine diy er høge, tunge og sandfylde (Stål, tre, sand). Har ikkje samanlikna med andre, så eg veit ikkje kor gode dei er. Aluminiumsrør går vel for å vere bedre enn stål når det gjeld resonans. Men som nemnt, sand kan jo få styr på synging og auke vekt. Eg har sett synspunkt på at topplate bør vere umagnetisk for å sikre seg mot påvirkning på delefilter, men eg veit ikkje om det betyr noko.
Sigurd