Wergeland skrev:
Hadde på 90-tallet både en en billigmodell fra Kenwood og en fra Sony. Ingen av de var noe særlig. En sliten (ikke restaurert eller gjort noen ting med) Dual 1219 spilte uendelig mye bedre. For eksempel plukket Kenwooden opp ekstremt mye overflatestøy. Disse billige platespillerne er ofte ikke verdt prisen, selv om de er billige. Er det ikke plastikkarmer på en del av? Kjøp heller cd-utgaver av de få lpene du har lyst til å spille.
Dei rimelege spelarane på 90-talet var berre sorgen, så at du var misfornøgd med dei, er inga bombe. Dual 1219 har eg ikkje høyrt endå, men du er svært heldig når du finn ein mellomhjulsspelar frå 60-talet som ikkje treng oppussing. Det er ikkje noko for amatørar. Og skal det gjerast skikkeleg, bør ein skyte litt pengar inn i prosjektet. Dessutan treng du ein god pickup. Det som hevdast å vere optimalt, er ein Shure v15II med dei nye SAS-nålene. Eg har prøvd etterfylgjaren Dual 701, og kan gå god for at dette er ein spelar som byr på vesentleg meir enn dei billegaste plast-spelarane i vår tid.
Når det gjeld overflatestøy, er det to faktorar som er uhyre viktige: pickupen, slipinga av nåla og kor godt han er justert. Dess billegare spelar, dess større utfordring å få dette til.
Den andre faktoren er platetallerkenen. Dess billegare spelar, dess lettare (og dårlegare) tallerken. Kenwood KD 500 var eit svært populært drivverk, som heilt sikkert byr på kvalitetar du skal betale mykje for å kjøpe i dag gjennom ein ny spelar. KD 500 vart som standard levert utan arm, og det står mykje rart på desse, av og til juvelar, av og til meir verdslege greier, men få monterte direkte dårlege armar når dei fyrst hadde sett seg råd til denne kvalitetsspelaren. Sharp lagde ein spelar som til forveksling likna på KD 500, men denne hadde ein standardarm, ein ok sak som likevel er spelaren sitt svakaste punkt. Det er veldig lenge sidan eg prøvde denne, men det går an å få svært god lyd ut av dette, om du vel rette pickup.
Skal du opp på nivået der vinyl er betre enn CD som signalkjelde, krevst det litt kronasje. Og til meir pengar du brukar, til meir moro vert det, beklagelegvis....
Billegaste Rega kostar i dag 3000 kr (denne har eg ikkje høyrt skikkeleg, berre i butikk). P2 med RB 250-arm (ein ganske god sak) er 3800. Den ganske gode P3 kostar 6000. Så treng du pickup. Til Rega er Dynavector DV10x5 heilt optimal til ein pris på ca 3000, og likar du ikkje denne, er AudioTecnica AT OC9 tilgjengeleg i nettbutikkar i utlandet for sånn godt to tusenlappar. Den andre spelaren som er grei å få tak i, er Technics SL 1200 (finn du bruktutgåvene SL 1300-1900 er dei like bra, og har endå til automatikk), som typisk er rundt 3000 på bruktmarknaden, og lett å finne reservedelar til. Den kan også kjøpast ny for rundt 6000. Sjekk her:
http://www.audiophile.no/Publisering.asp?Id=288. Det finnest også rimelegare kopiar av denne spelaren, som stort sett er like, bortsett frå at dei har dårlegare arm. Ein heilt grei pickup kan vere Denon 103, eller 110 om du har dårleg råd og ingen MC-inngang på riaaen din.