Denne er veldig grei. Eg har "bestefaren modell 270, med plass til 200 stk.
Som CD-spelar heng han eit stykke etter det beste som er å få, men når du tek til å legge heile samlinga inn, systematisere låtar og lage program, oppdagar du kvalitetar utanom det lydlege. Eg fekk min for nesten 10 år sidan, noko som overtydde meg om nytta av CD (er eigentleg vinylentusiast, men har etter kvart godtatt CD -mest pga. brukskomforten til dette mediet samanlikna med vinylplatene. Og så må du bruke meir kronasje for å få superlyd av CD enn av vinyl)
I dag brukar eg konvertaren i receiver/DAK og har sånn musikk som er litt mindre viktig (pilkast og festmusikk, samt gamle låtar som ikkje er innspelt med allverdas lydkvalitet) innsett i programmet. Er i ferd med å tenke om att systemet.
Mitt tips: kjøp ein sånn, og tenk nøye gjennom korleis du kjem til å utvide CD-samlinga i åra framover. (NB: det går an å lage "tandemopplegg" med inntil 3 karusellar, då disponerer du vanvittig mange musikktimar....)