Sikkert et banalt problem for dere men hvordan ser jeg forskjell på digitale og annalog kabler.
Må rydde litt i skuffer, ser ut som et skjære reir
Mvh
Kablar for overføring av digitale signal (spenningspulsar) skal ha ein bestemt karakteristisk impedans, for å forhindra at pulsane vert reflekterte attende frå mottakaren. On den karakteristiske impedansen til kabelen er lik med inngangsimpedansen til mottakaren og utgangsimpedansen til sendaren unngår at pulsane vert reflekterte att og fram. Dette er berre av betydning når bandbreidda til signala som vert overførte har så stor bandbreidd at bølgjelenda til dei høgaste frekvensane tilsvarar ca. 1/10 av lenga til kabelen, eller mindre. For overføring av analoge signal er bandbreidda så lita at ein ikkje treng å ta omsyn til dette. Digital signal har mykje større bandbreidd, så her bør ein helst nytta kabel med rett karakteristisk impedanse. I samband med AES3 (proversjonen av SPDIF) skal kablane ha ein karakteristisk impedanse på 110 Ohm, medan kablar for SPDIF skal ha ein karakteristisk impedanse på 75 Ohm. Om du brukar SPDIF-kablar for analoge signal er det ingen katastrofe.
Er det SPDIF-kablar og kablar for overføring av analoge signal du har blanda saman? Begge har phono-pluggar, så om dei ikkje er merka er det ikkje så lett å skilja dei. Du kan heller ikkje måla den karakteristiske impedansen med eit Ohm-meter. Det du kan gjera er å sjå om kablane dine liknar på kablane her:
https://www.benum.no/produkter/kabler