Med store bokstavar for å hugsa ein av programskaparane, Tron Øgrim. Den andre var Arnfinn Christensen.
Spørsmålet først: Denne programserien gjekk på NRK i 1989, reprise på NRK P2 i 1996. Fire program á ein time om kjende og ukjende konstruerte språk (som esperanto, volapük og loglan), men samtidig spekulativ og rar, slik NRK var på sitt beste før i tida. Eg har prøvd å googla, søkja på NB, NRK, osb. Men eg kan ikkje finna eit einaste opptak av serien, og heller ingen transkripsjonar el. (det siste hadde vore ei naudløysing, og slett ikkje så bra).
Sidan det er så veldig mange rare folk her inne: Er det nokon som har opptak (helst digitaliserte, subsidiært gjenutgjevne på audiofil 180-grams vinyl) av denne programserien?
Øgrim skreiv litt om serien på protobloggen sin, "Under en stein i skogen", td. 17 og 18 (båe 1996), men den bloggen/skriftsamlinga er nesten like herleg post-moderne som Georg Johannessens Rhetorica Norvegica).
Programma var, frå Øgrims private reklame for serien i 1996:

(Det er sikkert ikkje noka enorm overrasking at eg har ei nerdete interesse for konstruerte språk. Nesten esperantist. Tråden er tagga litt upresist, men eg fann ingenting som eigentleg passa.)DRØMMEN OM DET FULLKOMNE SPRÅK - 4 timers KLASSISK radioserie:
Søndag 7. juli kl 15.05-16.00 og 22.05-23.00:
1. ENGLENES TUNGEMÅL
Kunstige språk fra oldtida og gjennom middelalderens mystikere fram til Descartes, Leibnitz og Wilkins - og SOLRESOL på trompet!
Søndag 14. juli kl 15.05 - 16.00 og 22.05 - 23.00:
2. MENADE BAL, PÄKI BAL!
Ekte Volapük (ikke å forveksle med visse hippe kulturgrupper, som ikke snakker Volapük) inklusive SKUESPILL fra Hotel ROYAL i Christiania på 1880-tallet!
Søndag 21. juli kl 15.05 - 16.00 og 22.05 - 23.00:
3. DEN GRØNNE STJERNA FRA WARSZAWA
ESPERANTO, inklusive ÅPNINGSSCENA i PEER GYNT spilt på Esperanto med Tøgrims YNDLINGSSKUESPILLER i rolla som MOR AASE -
Søndag 28. juli kl 15.05 - 16.00 og 22.05 - 23.00:
4. ET SPRÅK DER INGEN KAN LYVE?
NYE, VILLE SPRÅKIDEER - bl.a. LOGLAN, som blei laga for å se om mennesker kunne TENKE som datamaskiner, og SLUTTEN på hørespillserien fra 3000-tallet...
Sist redigert: