Eit lite steg for menneskeætta - Stig Arne si dagbok september 2020

SAD-0920FS.jpg


På med vernebrillene. Augnestikkarane er her. Audioquest sine Dragonfly DAC-ar må vera stereoanleggets sveitsarkniv: Ein USB-dac ikkje stort større enn eit insekt, som kan koplast mellom alt du måtte ha av digitale dingsar og stereoanlegget. Eller slik ungdomen gjer det notildags: Til hovudtelefonen. På enklast mogeleg vis.

Eit lite steg for menneskeætta -


- men eit stort framsteg for meg! Eg har relativt nyleg teke i bruk ein Audioquest Dragonfly Cobalt, og kopla han mellom Mac-en og stereoanlegget. Det gjekk so fort og funka so fint at eg lurte på om det var noko anna som spelte. Ein brukar jo ikkje klara slikt på fyrste forsøk. Det er unormalt. Eg trengde ikkje innom “innstillingar” eller nokon ting - eg berre sette Cobalten inn i USB-utgongen på Mac-en, og drog leidningen frå denne (3,5mm mini-jack) til forsterkaren (phono). Og dett var dett. Mac-en “såg” Cobalten. Eg er framleis lettare sjokkert over kor smertefritt dette gjekk. Og kor godt det spelar!

Og ikkje nok med det. For eit par dagar sidan såg eg ein YouTube - video om korleis Thomas Darko (darko.audio) hadde kopla Cobalten frå allslags mobilar og til hovudtelefonar - men ikkje til stereoanlegget. Det ville eg prøva, berre for moro skuld. Det er jo slik ein må gjera det no som FM-bandet er lagt ned, og du ikkje har kjøpt DAB-radio. Då kan mobilen nyttast, der har me både radio og strøymetenester/nedlasta musikk. I stova nyttar eg normalt Mac-en, men tenk å sitja ute i hagen ein solskinsdag og spela musikk frå mobilen til ein gamal Kurer, ein Tandberg reiseradio, eller eit radiokabinett! Då tenkjer eg besøkjande hadde fått store auge! Eller kanskje ikkje. Det er vel berre eg som er seint ute. Mange gjer sikkert dette allereie. Men då tipper eg dei brukar hovudtelefon-utgongen. Om dei då ikkje har ein nymotens mobil der hovudtelefonutgangen er droppa. Slik me gjer det her, går signalet gjennom ein frittståande DAC av høg kvalitet - Audioquest sin heilt nye Cobalt (kring 3.000 kr frå Hi Fi Klubben i Bergen.) Nyttar du mobilen sin hovudtelefonutgang, brukar du og telefonen sin DAC - og denne er mykje ringare. Me snakkar jo trass i alt om å få best mogeleg lyd! Audiophile.no er eit magasin for god musikk og hifi! Det er eit ergeleg ekstrautlegg, men ein USB-DAC har vorte standardutrustning for alle som vil ha maksimal lydkvalitet frå mobil og datamaski

Les heile dagboka til Stig Arne hos Audiophile.no
SAD-0920-6.jpg
 
Sist redigert:

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
988
Link til alle artikler
410
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Thalia V2024 – Forbedret håndlaget innstegsmodell fra Erzetich

Thalia V2024 – Forbedret håndlaget innstegsmodell fra Erzetich

  • 0
Blaz Erzetich har sendt oss en melding om at de lanserer en forbedret utgave av sine rimeligste håndlagede hodetelefoner. Den nye modellen heter V2024, og skal ha mange forbedringer. Erzetich...
Fortsett
Audiophile.no
X Diamond Signature Edition – ny raffinert toppmodell fra Estelon

X Diamond Signature Edition – ny raffinert toppmodell fra Estelon

  • 2
Classics-serien til Estelon er den desidert mest omfangsrike serien, der vi finner de aller fleste modellene. Og toppmodellen i Classics-serien har nettopp fått en Signature Edition med svært...
Fortsett
Audiophile.no
Platesmaking 1-24, på 8. påskedag. Bare norsk, i grenseland mellom det meste.

Platesmaking 1-24, på 8. påskedag. Bare norsk, i grenseland mellom det meste.

  • 0
På nytt har det gått alt for lang tid siden forrige platesmaking. Og atter en gang lover jeg at det ikke skal bli like lang tid til neste korsvei. I mellomtiden kan dere kose dere med et helnorsk...
Fortsett
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 2
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Topp Bunn