Vel, noverande utgåve, DV507MK2 (som eg ikkje har fått prøvd så langt), er prisa til 36 900, og sjølv om dette på langt nær er så dyrt som dei aller dyraste armane, er det relativt mykje.
Denne gamle utgåva hadde mykje av det same som noverande modell, og kan nok reknast for å vere ein av dei mest fleksible armane som finnest, på grunn av den spesielle leddinga. Dette gjer at både låg- og høgkompliante pickupar (bortsett frå dei aller mest ekstremt høgkompliante) får tilnærma perfekte arbeidstilhøve. Og han er velsigna enkel i høve pickupskift, berre å ta av shellet og justere vekta.
Har prøvd gamlingen ved fleire høve, og må innrømme at ein Dynavectorarm er eitt av dei få alternativa eg ser til ein tangentialarm.
For min eigen del ville eg nok ikkje tatt sjansen på å kjøpe brukt, men heller ha ein ny frå Planetsnapa, då det visstnok er ei stor utfordring å få armen 100% rett oppsett...
Rudi har hatt ein slik, og kan sikkert seie litt om justeringane av armen.