Stove og hi-fi-anlegg har fått seg eit løft i vinter. Heilt sidan eg kjøpte eit par Epos 14 har engelske 2-vegs stativhøgtalarar stått høgt i kurs hjå meg. Anlegget er no bygd opp rundt nye Spendor Classic 3/1. At eg enda opp med å kjøpe både høgtalarar, platespelar og forsterkar hjå Hallvar og Terje i Norsk Hi-Fi Center er ikkje tilfeldig. Dersom det står mellom to eller fleire produkt eller leverandørar, går eg til dei som yter best service. Hallvar og Terje er makalause. (Kor tid søv dei? )
Her går det mest i det analoge:
Acoustic Solid/Solid Wood m/Ortofon quintet bronze, ASR mini basis mkIII, PrimaLuna ProLogue Premium, Spendor Classic 3/1, REL Britanica B3.
P.s. Familien min har gitt "Racket" eg har bygd til platespelaren namn: Elefanten i stova.
Sist redigert av en moderator: