Grace F9 er ein velkjend pickup, har ein slik sjølv. Kroppen er stort sett lik, medan ein kan få minst fem ulike stiftar, alle med ulik farge/namn. Ruby (den raude du har) har eg ikkje høyrt på mange år, men han vart rekna for å vere ein av dei gode frå siste del av 70-talet når det gjeld MM. F9E hadde også svært godt ord på seg (Grøn plast på stifthuset), men i dag let denne ganske uartikulert og slapt, med stor mangel på detaljar (når ein samanliknar med moderne konstruksjonar)- og denne var det mange som rekna for å vere betre enn Ruby. Min grøne E låg "i opplag" i fleire år, og vart berre sporadisk brukt innimellom til samanlikning. Han fekk aldri vere framme lenge før eg etter kvart fekk meg ny stift frå Japan. Denne hadde blank plasthus, var relativt dyr, og var spesialimportert. Men han løfta pickupen opp på eit svært flott nivå, også mellom dagens MM-picukpar.
Det var eit styr å få tak i den blanke F9-utgåva, som eg (i farten) kan prøve å karakterisere som: ein klangmessig kjølig mellomting ein stad mellom den billegaste frå Garott (som er eit svært godt alternativ) og ein MC av gammal type (i området rundt Ortofon- og Denon-klassikarane). Til dels mykje meir artikulert og detaljrik enn F9E, men ikkje det heilt store når det gjeld lydbilete.