Høgtalarar for gjenbruk – Stig Arne si dagbok for mai 2021

SAD-0521-17.jpg


Ein USB-høgtalar frå uventa hald, nokre gamle høgtalarar og nokre gode øl. Og litt musikk

Høgtalarar

Eg er seint ute, dette er mai-dagboka og ho burde vore publisert før juni er over, naturlegvis. Det går truleg ikkje denne gongen. Når dette hender, vert eg raud og hektisk, og klarar ikkje å fintenka. Eg må berre setja meg ned med ein øl og ein akevitt og skriva det fyrste og beste eg kjem på. Lause trådar får berre liggja. Då passar det bra å skriva om dei høgtalarane eg har prøvd ut i det siste, 3 par nærare bestemt, alle gamle, men alle interessante.


Tannoy Sixes 611 (1991-1993)

Terje fann desse høgtalarane på den lokale returstasjonen. Han ringde og forklarte. -Kva fabrikat er det, spurde eg. -Tannoy, svara han. -For guds skuld ta dei med, seier eg. Tannoy er ikkje ein kven som helst innan høgtalarar. Han godsnakka med dei tilsette og fekk dei med seg. Altso høgtalarane. Store! Spanande! Dei var ein smule herpa, men ikkje verre enn at eg fiksa skadane på det svarte vinyltrekket med svart tusj. Plasten nedst på kabinettet hadde fått seg ein smell eit par stader, men dette let seg ordna med lynlim. Men aller fyrst kopla eg dei opp for å sjekka at dei virka. Og det gjorde dei. Eg tok av grillane, legg øyret kloss inntil elementa og lyttar etter liv. Utruleg nok spelte samtlege element. So kvifor var dei kasta? Eg har kjøpt høgtalarar på Finn i dårlegare tilstand enn dette....

Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no

SAD-0521-4.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
988
Link til alle artikler
410
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Thalia V2024 – Forbedret håndlaget innstegsmodell fra Erzetich

Thalia V2024 – Forbedret håndlaget innstegsmodell fra Erzetich

  • 0
Blaz Erzetich har sendt oss en melding om at de lanserer en forbedret utgave av sine rimeligste håndlagede hodetelefoner. Den nye modellen heter V2024, og skal ha mange forbedringer. Erzetich...
Fortsett
Audiophile.no
X Diamond Signature Edition – ny raffinert toppmodell fra Estelon

X Diamond Signature Edition – ny raffinert toppmodell fra Estelon

  • 2
Classics-serien til Estelon er den desidert mest omfangsrike serien, der vi finner de aller fleste modellene. Og toppmodellen i Classics-serien har nettopp fått en Signature Edition med svært...
Fortsett
Audiophile.no
Platesmaking 1-24, på 8. påskedag. Bare norsk, i grenseland mellom det meste.

Platesmaking 1-24, på 8. påskedag. Bare norsk, i grenseland mellom det meste.

  • 0
På nytt har det gått alt for lang tid siden forrige platesmaking. Og atter en gang lover jeg at det ikke skal bli like lang tid til neste korsvei. I mellomtiden kan dere kose dere med et helnorsk...
Fortsett
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 2
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Topp Bunn