Audiophile-Arve
Æresmedlem
Etter å ha gått inn for ein meir enkel livsstil, har eg utsett innkjøp av ny pickup til fordel for å kjøpe kompostkvern. Det vart ei rimeleg ei frå Biltema, og ho fungerer over all forventning - mykje betre enn dei knivbaserte eg har prøvd til no. Så eg har no ambisjonar om å kverne opp ca halve hagen (etter 16 års vanstell). Men etter å ha tatt barlinda kraftig ned, og kverna denne opp, kom eg på at det kanskje ikkje er lurt å bruke giftig barlind i komposten når eg dyrkar grønsaker? Nokon som veit? Deffe, til dømes?