Inntil 5 kkr?
Dersom du vil ha eit enkelt liv med lett oppstilling og lite vedlikehald, vil eg tilrå at du går for ein pent brukt Rega eller ein Technics. Og ein pickup av svært god kvalitet(, helst MC etter min smak).
Begge desse er lette å få til, og treng ikkje anna stell enn ei god vegghylle (Rega har gode, rimelege spesialhyller), skikkeleg oppsett i water, og rett justert arm/pickup.
Men Technics SL1200 er stort sett høgt prisa på bruktmarknaden. Sjå etter ein 13-1500, dei er litt rimelegare, og så å seie like gode.
Skal du ha Rega, er det mange gode pickupar som matchar veldig godt den semi-lette armen. Technicsen har ein tyngre arm der du treng leite litt etter perfekt pickup, og du kan evt. ha nytte av spesielle dempeordningar. Fordelen med Technics, er at du kan ta pickupshellet av armen for å montere pickupen. Rega er meir plundrete om du ikkje har erfaring.
Dualspelarar gjekk ut av produksjon for lenge sidan. Du er avhengig av å ha tilgang på ekspertise for service og for å få justert opp ein "gamling". Saman med ein Shure-pickup av gammal sort (v15II) der du må leite litt rundt etter ny stift av god fineline-sliping eller såkalla NOS-nål, kan du få utmerka lyd for små pengar. Budsjettet ditt skulle halde, og den gamle Shuren klarar seg utruleg godt i relativt enkle riaa-trinn. Bestemmer du deg for Dual+ Shure vil du få hjelp av fundamentalistane på
www.alternativaudio.no, der du vil bli motteken som Den Bortkomne Sonen..
Ein skikkeleg god riaa kostar stort sett flesk. Men matching til pickup er viktig, og du kan komme billeg unna. Til dømes tykkjer eg kombinasjonen Technics SL1200+Denon DL103+NADppa2 er god (om du ikkje legg veldig vekt på tredimensjonalitet), sjølv om riaaen her er svakaste leddet. (vil du ha tredimensjonalitet bør du lukte på Rega med ein meir moderne pickup som DV10x5 eller AT OC9+ svært god riaa)
Eg finn det også verd å fortelje at det finnest svært god lydkvalitet om du går opp til om lag dobbel pris av desse to "folkevognene" eg nemnde. Rega har betre modellar, men dei er ikkje særleg vanskelege å justere. Clearaudio har dei fine Solution og Champion, som av og til er på tilbod. Går du endå høgre i pris (rekn 20 kkr for ein rigg, så vert det verkeleg moro) finn vi VPI sin Scout og Scoutmaster, Nottingham og sjølvsagt Linn LP12. Det går an å finne ein fornuftig prisa på bruktmarknaden og oppgradere i takt med at økonomi og entusiasme opnar for det.