Er det russisk radio må det tyde på at du tek inn ein russisk mellombølge eller kortbølgestasjon. Forsterkaren din er altså følsom for radiosignal opp mot 10Mhz eller så. Det er to ting som må vere på plass (utilsikta, sjølvsagt) for at slikt skal skje:
1) Ein resonanskrets med ein spole og ein kondensator
2) Ein halvleiar.
1) Resonanskretsen kan vere ein trafo, del av ein trafo eller ein drossel i forsterkaren, og kondensatoren kan vere ein liten sak på maks. 1000pF eller deromkring. Mest sannsynleg er det snakk om ein såkalla 'stray' kondensator - altså kapasitet frå ein leiar og mot jord. Dette er som regel ikkje noko 'feil' i forsterkaren, men helst litt lite gjennomtenkt design.
2) Eg skriv 'halvleiar' fordi slikt er ofte ei kaldlodding som gjer at det vert ein halvleiareffekt mellom leidninga og loddetinnet. Det kan vere nok til å likerette radiosignalet og så vert det forsterka på vanleg måte i forsterkaren. Slurvefeil frå han/ho som lodde på fabrikken.
Kva gjer ein? Klag på forsterkaren. Dette er ein feil. Forsterkarar skal ikkje oppføre seg slik. Hvis du ikkje kjem nokon veg, må du gå over alle loddingane og forsikre deg om at dei er skikkelege. Hvis problemet er der framleis, må du sjekke alle kablar og at skjermane er gode. Er det framleis trøbbel så kan du sette ein drossel på 100uH - 5mH i serie med inngangskablane. Det brukar som regel å hjelpe.