torb
Hi-Fi entusiast
- Ble medlem
- 04.06.2006
- Innlegg
- 178
- Antall liker
- 0
Hei,
eg skal kjøpe meg eit stereoanlegg i sommar/over sommaren, og vil gjerne ha innspel og hjelp.
Eg satt grensa ved 10.000kr. Eg høyrer på mykje forskjellig musikk, mellom anna heile diskografien til Tom Waits (alt frå pianospeling med whiskeystemme til bråkete songar med mykje (u-)lydar), noko rap (t.d. Jay-Z og Kanye West), Kraftwerk og Depeche Mode. Ikkje minst høyrar eg ein god del på indie rock alá Bright Eyes.
CAMBRIDGE 640A v.2 og CAMBRIDGE Azur 640C v.2 har fått strålande kritikkar rundt om kring, og eg lurar på om desse kan vere eit godt kjøp. Nokon som kjenner desse, eller har alternativer? Hifiklubben selger desse, så det hadde vore praktisk om nokon kunne anbefale høgttalerar som passar frå deira sortiment.
Apropos høgttalerar, så veit eg ikkje om eg vil ha gulvståande, eller stativ. Jay Z vil nok verte mykje gladare om han får godt med djupbass, men kan ein sub saman med stativht vere eit godt alternativ til gulvståande?
Høyttaler Dynavoice Challenger M-65 får god kritikk her:
http://www.lydogbilde.no/billig-og-brutal.321808-45376.html
Trur de denne kan vere noko?
Eg vil sette stor pris på alle forslag, tips og tilbakemeldingar!
PS, eg er ikkje fremmed for å kjøpe brukt, forslag til kva eg skal sjå etter då?