Godt år!
Eg planlegg å laga ei oppsummering av 2024 til januardagboka, slik skikken er. Men fyrst lyt me få unna desember, og då tenkte eg å skriva litt meir om Tandberg. No tenkjer eg slevet renn hjå Tandberg-samlarane. Og i ølspalta får du hovudverk.
TANDBERG
I oktober skreiv eg om Sølvsuper 12 C, varianten med kassett på høgre sida. Denne kom nyoverhalt direkte frå reparatøren, til og med kassettdelen virka, med nye strikk. Eg likte han faktisk godt, og same radioen (men utan kassett) spelar veldig godt borte hjå Styvane i nabohuset.
Varianten med kassett er upraktisk brei, eg likar best radio og kassettspelar kvar for seg. Difor er denne til sals, men eg har framleis ein SS 12 utan kassett, som eg gjerne prøver att seinare ein dag. Det er ein sjarmør. 12 C er alternativet for dei som vil ha alt-i-eitt og har ein brei benk. Og masse gamle kassettar. Det er vidare verd å notere seg at Sølvsuper og Huldra gjekk parallelt i mange år, med SS som ein rimeleg variant, og Huldra ein meir påkosta serie.
HULDRA 9
Men til poenget: No har me prøvd ut fleire Tandbergar. Den nye reparatøren vår sette ein kveik i meg og Stig Inge då han fortalde om Huldra 9, som finst i to variantar: Mk 1 med den fyrste varianten av transistorar, nemleg germanium, på 15 Watt, og ein Mk 2, med dagens silisiumtransistorar, på 25 Watt, begge i 4 Ohm, slik praksis var før....
Les heile dagboka i Audiophile.no