Dette er det mange meiningar om, men lite empiri. Veldig få har gjort klare, samanlikningar mellom armar som kan fåast i fleire lengder.
Eg har lenge prøvd å få ordna ein test der same drivverkog pickup brukast med armversjonar som har ulike lengder. Både Clearaudio, JMW og SME har slike alternativ. Men det vert sjølvsagt dyrt for ein importør å "ofre" eit drivverk, i tillegg til å ta inn to - tre versjonar av same arm fordi ein testglad hifiskribent har fått ein fiks ide...
Men den som ordnar meg ein slik spelar, skal ha stor takk. Eg har høyrt mykje, både av 9 og 12 tommars lengde, men har aldri gjort direkte samanlikningar i armslaget.
(Bortsett frå i ein butikk i Bergen, ein gong i 78 eller 79, då ein Micro-Seiki-spelar med tre armar gjorde at ein kunne samanlikne desse ganske godt (fekk til å byte om pickupane på to av armane under lytteøkta) Det er lenge sidan, men m.a. med dette som utgangspunkt, fekk eg veldig lyst på ein tangentialarm, og kjøpe dette nokre år seinare. Ikkje på rimeleg empirisk grunnlag, men ut frå magekjensle og synseri - slik ein ofte gjer med denne hobbyen, sjølv om eg alltid tilrår folk å lytte skikkeleg før dei handlar)