LydKarl
Overivrig entusiast
Joni Mitchells slapp sitt nye album Shine i går. Henta plata hjå Espen på No.9 i Arendal. Seinare på kvelden sette eg og fruen oss ned og høyrde gjennom plata eit par gangar:
No har eg ikkje høyrt anna enn smakebitar av hennar tidlegare album (nærmaste eg kjem i samlinga mi er vel Madeleine Peyrouxs Careless Love der JM har medvirka som medprodusent). Eg vil likefullt veldig gjerne anbefale dette verket på det aller varmaste. Dette er noko av det flottaste eg har høyrt på lenge. Eg legg tråden her då dette også er ein produksjon av klasse mhp lydkvalitet.
Til dykk som har solid kjennskap til denne fantastiske dama; hvilke andre album burde eg først og fremst sjekke opp? Om eg ikkje tek feil er dette hennar 27. album, kan vere greitt å bli losa litt ut frå start.
Mvh. Karl