Denne gongen er det juleølet som står i sentrum. Eg og Lars var tidleg på polet og kjøpte mengder, og Lars hevdar at me har smakt oss gjennom praktisk tala samtlege sortar. Eg skal ikkje presentera riktig alle i dag, har ikkje skrive alt. Resten kjem so tidleg eg kan i desember. Og litt hifi-sladder har eg sjølvsagt med.
INFO FRÅ JAPAN
Apple, produsent av datamaskiner og mobiltelefonar mellom anna, nytta tidlegare prosessorar frå Motorola, men gjekk seinare over til Intel, same som i vanlege PC-ar. No byter dei igjen prosessor. I samarbeid med ein produsent som kallar seg ARM innfører dei no Apple Silicon, den same som dei ei stund har nytta i iPhonar og padder (iPads). No får altso Mac-ane òg Apple Silicon prosessor. Ikkje det at eg har peiling, men sidan eg alltid har brukt Mac (unnateke på jobb) og no iPhone (tidlegare Nokia, som alle andre) er det greitt å vita. Det kan jo koma opp som spørsmål i ein spyrjeleik! (Quiz). So no treng du ikkje sitja der som ein idiot, skuldig i at laget ditt tapte Quizen.
Stig Inge har nett lese oktober-dagboka, der han som vanleg har kommentarar. Eg noterte meg problematiske s-lydar heime hjå ein kamerat som har Linn Classic forsterkar med CD-spelar og Technics høgtalarar på arbeidsrommet sitt, og spør om det kan ha noko å gjera med den japanske tradisjonsmusikken, og andre preferansar enn oss for lyd grunna dette. Stig Inge filosoferer over dette og er ikkje heilt sikker på om dette er den einaste årsaka. Ja, det er mange japanarar som lyttar til japansk tradisjonsmusikk, men truleg endå fleire som lyttar til japansk pop, vestleg musikk og jazz. Og dei føretrekkjer gjerne vestlege høgtalarar dei òg! Stig Inge har ei anna forklaring, eller ei i tillegg, og det har med konsensus å gjera, nemleg at japanarane nyttar mykje tid på planlegging, det er viktig for dei å vera samde om resultatet. Altso eit slags minste sams multiplum? Men dei fylgjer gjerne (berre) sine eigne standardar, om dei i det heile har ein standard, og det er difor ikkje alltid produkta deira får like godt gjennomslag i Vesten. Og dimed har me brakt forvirringa opp på eit nytt og høgare nivå; som ein kollega alltid sa etter at me hadde vore på møte.....
Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no