Sjå diskusjon eit par sider før dette svært presise innlegget frå @KJDu har i og for seg litt rett i at chatgtp ikke kan lyve. Men det er en og alene fordi den ikke har noen vilje og ingen begreper om rett og galt. Foreslår at det nedlegges forbud mot ai innlegg, det degenererer innholdet her på hfs.
Dei illustrerer, på glimrande vis, korleis og kvifor KI (særleg LLM-ar som OpenGPT og DeepSeek) er øydeleggjande for ei god og sakleg diskuterande offentlegheit. Eg har heilt ærleg aldri tenkt på dette aspektet ved KI før, men det er heilt openbert at det fungerer ekstremt destruktivt. Nesten som, eller kanskje verre enn, "fake news" (så 2021) og trolling.
Det er sannsynlegvis vanskeleg å få heilt bort problemet. KI kan sjølvsagt fungera som ein måte å skjerpa (eller, om brukt rett, utfordra) eigne argument, men det avgjerande for ein diskusjon at når ein skriv eit innlegg, så er det oppriktig, og at ein står inne for argumentasjonen. Så eg veit ikkje korleis ein skal løysa problemet. Men det er der.
Sist redigert: