Tykkjer ikkje det er gale i det heile tatt å ete kjøt. Det nyttar ikkje å dyrke avokado på norske fjellbeite. Då heller la sau og geit beite der. Kjøtet frå desse dyra er både miljøvennleg, rimeleg sunn og kan ha eit svært så hyggjeleg CO2-avtrykk. Men det er lett å overdrive, og det kan vere ein ide å beherske seg ein del, sånn for helsa si skuld om ikkje anna.
Eg et kjøt av alle slag, og kan rangere slik:
Kalkun. Kjedeleg og smaklaust om ein ikkje er særs påpasseleg med å ikkje steike/koke for lenge. Etandes, trass alt. Sikkert sunt.
Kylling. Ok, litt meir smak enn kalkun. Lett å bruke til mykje rart. Med pensling og grilling kan det det vere bra.
Rype: ikkje så lett å få tak i, men ganske godt. Spesielt om du lagar ein god viltsaus.
Hest; mørt kjøt med ein bismak som liknar på sau, sånn søtleg. Når eg har fått det servert på ein måte eg likar, har det vore ganske salta. Så det vert gjerne litt usunt på den måten - salt skal vi ikkje ha, som har litt høgt blodtrykk. Så artig som kurositet, litt bloting kan vere gøy. Men ikkje mellom dei beste kjøtslaga.
Sau: Litt mykje preg som vaksen-sau, bortsett frå der du bør ha sauesmak, som når det gjeld fårikål og spekekjøt, men lammekotelettar og grava lammefilet er betre enn når du prøver treårsgamle dyr. Får du tak i utegangarsau, har du kjøt som er nesten like godt som geit (men mindre ribbebein, sjølsvsagt)
Okse: Ytrefilet og entrecote av fine dyr er skikkeleg godt. Men det er mykje rart i butikkane, og du får ofte det du betalar for. Bortsett frå at utgått dato er eit must, og ingenting å vere redd for.
Svin: her varierer kjøtet kollosalt. Marmorert svinekjøt frå iberisk svartgris er fantastisk, medan nakkekotelettar på tilbod er det motsette. Og iberisk spekeskinke, av svartgris, fora på eikenøtter...få ting er betre. Laga meg svineribbe til jul av iberisk svin det året vi budde i Spania, og det er med skyhøg margin den beste svineribba eg har prøvd. Sjølv om det finnest betre ting:
Hjort: Reinaste kjøtet ein kan få tak i, og får du kjøpt eller skote eit passeleg ungdyr, har du mykje å glede deg til. Eg har grava indrefileten og brukt dette til pålegg, som verkeleg var snadder. Medan du kan bruke mindre edle kjøtstykke til flott kjøtdeig, anten det er til hjortekarbonader eller tartarbiff. Flott smak til spekepølser også, men kanskje litt råflott?
Så har vi min favoritt til sist: Bukkekjøt. Tre år gammal gjeldbukk, brukt til spekemat og bukkeribbe (pinnekjøt). Men det må vere kystgeit - melkegeit som har fått kraftfor er noko heilt anna, greitt nok til pølsebruk, men litt stakarsleg samanlikna med dei svære bukkane som er utegangarar og beiter på tang og tare om vinteren. Slikt lagar godt kjøt.
Når det gjeld det økologiske/ressursmessige, er dei dårlege alternativa kjøt produsert på importert kraftfor, og dyr som det tek lang tid å få slakteferdige. Gris og okse av kjøtraser er ei utfordring. Men det finnest raser som er i stand til å klare seg utan kraftfor, sjølv om dei ikkje produserer særleg med melk. Men det har vi nok overproduksjon av i lang tid framover.
Høne vil vere eit langt betre alternativ enn kylling, men er vanskeleg å få tak i. Det er lett å lage seg eit hønsehus og vere sjølvforsynt med egg om ein ikkje er for mange, og så slakte hønene sjølv etter kvart, om ein er tøff nok til å svine øksa.
Geit, hjort og sau er i stand til å klare seg på dei beita vi alt har, og vil vere uproblematiske frå eit CO2-perspektiv.
Elles er eg gira på å ete fisk og skaldyr (hadde herleg krabbefest med familien i helga) som må kunne godkjennast økologisk, sjølv om eg brukte fem-seks liter diesel til å hente teinene. Men desse greiene var utanfor tråden sitt tema....