Dei aller beste maskinene har ein eigen arm med "støvsugar" som går gjennom rillene, helst i motsett retning av avspeling (Keith Monk-maskina er betre enn dei andre eg har prøvd. Elles er det ei slik på
www.plsn.no) Desse er dyre.
Elles har vi dei andre, der heile platesida tømest av ein støvsugar med sugespalte som dekkjer heile. Her er skilnaden stort sett kor lettvint jobben kan gjerast (nokre har motor, andre er manuelle, og nokre kan ta begge platesider samstundes. Og litt anna skilnad på betjeningskomfort). Etter mitt syn er det viktigare kva vakuumeffekt dei har. Men sterke motorar bråkar fælt. Det er ulik storleik på dei.
Nitty Gritty (importert av
www.mono.no) er relativt billege og greie
Okki Nokki (frå bigdipper) er nok mest for pengane. Veldig enkel, men fungerer heilt fint, spesielt fordi tallerkenen kan gå i begge retningar. Nokre har nemnt for meg at det kan vere vanskeleg med reservedelar, men under mi utprøving var det ingen problem.
VPI har tre-fire maskiner som er svært gode. Importerast av TAAimport/Lyric Hi Fi og Audioart. Den dyraste skal ha beste vakuum på marknaden (bortsett frå dei med arm, då), og i tillegg vere ganske stille, utruleg nok. Eg har ikkje prøvd desse særleg mykje (fått 16.5 demonstrert eit par gongar)