I haust var det nokre spørsmål her på forumet om Demostenes som plutseleg vart borte. Mange har også lagt merke til annonseringa på bruktbørsen her om at firmaet er til sals.
Det er ikkje noko særleg mystisk ved at Demostenes vart avvikla. Det var fleire grunnar til at eg bestemte meg for det i fjor sommar.
- Konkurransesituasjonen med USA og Kina vart uhaldbar. Salet gjekk berre ned for kvart år.
Ein kan konkurrere på kvalitet og service, men ikkje på pris og det tek omtrent like lenge å
få ein pakke frå Kina som frå Balestrand i Noreg...
- Dei interesserte og entusiastiske ungdomane eg hadde i arbeid over fleire år, flytta for å
studere eller jobbe, og eg vart åleine med alt rutinearbeidet som pakking, fakturering etc.
- I det vanlege arbeidet mitt som psykolog driv eg også på med forsking, og det let seg rett
og slett ikkje kombinere med å ha postordrefirma også på kveldstid.
Eg håper at nokon kan tenke seg å overta heile firmaet og drive det vidare. Det er alt nokre som har meldt si interesse for det og fleire er interesserte i delelageret. Det burde vere eit spesielfirma på rørteknologi i Noreg. Framleis har vi Motron, men har lever ikkje evig han heller. Nokon som er yngre enn oss av den eldre garde må ta over.
Ein del av kundane mine er her på sentralen og eg vil nytte høvet til å takke dei alle saman for handel og mange glødande samtaler om rør og forsterkarar. Nokre av dei har faktisk vore kundar heilt sidan oppstarten i 1990!
Beste helsing
Arnold Goksøyr - PX4