For å stå så stødig som mulig med små barn i heimen, har basseksjonane til mine Gradient Revolution fram til no stått på originalføttene (skruar med plastføtter).
I ein periode stod desse på litt store skiferheller, med Tema Isolator mellom skifer og gulv (eit forsøk på å skape større stabilitet).
Tema Isolator er ein billeg (250,- for ein åttepakning er det vel) måte å få has på vibrasjonar. Det finst bedre, og langt bedre, produkt der ute, men til ein annan pris.
Eg har allerede brukt Tema Isolator mellom seksjonane med bra hell (sjølv om eg i starten var usikker på om dei ville gjera jobben der).
Likevel har det vore litt mykje vibrasjonar i toppseksjonen.
Men, ungane er blitt større, og det er ingen i heimen som ser på hifi som fjell som skal bestigast (bildet under vart tatt for 8 år sidan).
No var det derfor dags for å prøve ut det som var planen allerede for 12 år sidan, nemleg å erstatta dei originale føttene under basseksjonane med Tema Isolator.
StereoJoe var med og bytta over.
Forskjellen mellom originalføttene og Tema Isolator var betydelig mhp vibrasjon:
Både bunn- og toppseksjon roa seg godt ned.
Tidlegare har toppseksjonane hatt tydeleg (følbar, ikkje hørbar) vibrasjon skapt som er overført frå basseksjonane. No kjennes som at det er lite overført vibrasjon frå bunnseksjonane.
Bonusen er vidare at eg opplever dette som ein nokså tydelig lydmessig gevinst. Det er akkurat som at dei ulike instrumentene/vokalane/osv i musikken får litt meir rom og blir lettare å følge, vanskeleg å forklare bedre. Ting roar seg forøvrig på sett og vis litt ned. Kanskje noko av dette er innbilning, kanskje eg på sikt vil "oppdage" andre endringar.
Ellers har eg i nærmaste framtid ingen umiddelbare planar om å gjera større endringar/oppgraderingar i oppsettet, er veldig fornøyd med slik det fungerer, med sine styrker og begrensningar
