Tredje bylgje er over oss, Vossajazz er avlyst for andre året på rad, ein spør seg kva meir kan gå gale? Men det finst likevel små arrangørar som framleis skipar til konsertar, uansett kor få publikummarar dei har løyve til å samla. Og so har eg kjøpt meg kassettspelar.
Musikk og teknikk
Ein av desse er Voss jazzklubb, som 10. mars skipa til “Bouncealarm” med Elisabeth Lid Trøen og Ingrid Øygard Steinkopf som komponistar for dei fleste låtane, i foajeen i gamlekinoen på Voss. Eit 5-persons orkester til ein pris av 2-300 kroner, kven vil gå glipp av det? Ikkje for å melda konserten, for det skal eg ikkje, men bouncy var da, og trommeslagar Rino Servatas hadde fantastisk driv, variasjon og presisjon i spelet, betre enn mange andre, eldre og meir kjende.
Eg har vore på konsert i gamlekinoen so mange gonger at eg burde hugsa det: Slik lokalet står fram no, er det håplaust med tanke på lyden. Det er eit veldig sjarmerande lokale med teak-panel på alle veggar i typisk 50-tals stil, men det er alt for tomt. Berre langs vest-veggen mot vindauga er det teppeliknande gardiner til å turka opp litt lyd. Her er ingen stolar eller sofaer til å dempa lyden anna enn dei spinkle stablestolane me sit på. Er lokalet fullt, er dempinga god, men med lite folk er lyden spinkel og gjallande. Her er for mykje refleksjon og for lite demping. Taket er glatt og utan demping, (sjå bilete), og det same er golvet. Likevel har eg gløymt å ta med tepper og pledd til å leggja på golvet mellom scena og publikum. Det hadde hjelpt litt i alle fall. Neste gong? Berre denne veka var eg på tre konsertar, so ingen skal seia at eg ikkje er godt kjend med lyden på konsertar, til samanlikning med lyden i ei vanleg stove. Eg vert likevel like overraska kvar gong over kor kraftig og levande konsertlyden er, og kor annleis lyden vert når han får breia seg ut i eit stort lokale. Rein lukke....
Les heile dagboka for februar i Audiophile.no